Alt materiale eldre enn 1981 blei samla og brakt til Statsarkivet i Tromsø i januar 1992 gjennom eit samarbeid mellom Statsarkivet og Holt forskingsstasjon. Den største delen av arkivet består av forskingsmateriale. Sortsforsøk, såtidsforsøk, settetidsforsøk, såmengdforsøk, overgjødslingsforsøk, kalkingsforsøk - dei er alle godt dokumenterte i kartbøkene over felta, som utgjer ein vesentleg del av det forskingsmaterialet som finst i arkivet fram til ca. 1960. Resultata av forsøksverksemda blir først og fremst gjort kjent gjennom meldingar og særtrykk utgitt av Holt. Fram til 1945 blei det gitt ut årsmeldingar, seinare ber meldingane tittelen til dei ulike forskingsprosjekta. Grunnlagsmaterialet til mange av meldingane og særtrykk som er blitt produsert på Holt forskingsstasjon, spesielt frå 1960 og framover, inngår i arkivet. Holt har deltatt i ein del fellesforsøk organisert gjennom andre institusjonar og råd, og noko av dette materialet finst også i arkivet. Arkivet inneheld også saker som skriv seg frå ulike instansar som har vore ein del av det faglege livet på Holt: Kontrollstasjonen, Landbruksbiblioteket og Forskingsfondet. Desse er å finne i katalogen som sjølvstendige delar.