
I Formannskapslova av 1837 står det i § 20 at « når en sak utelukkende angår et enkelt sogn eller enkelte sogne, skal kun de formenn eller representantar som dertil henhører, delta i stemmegivningen derover, men saken foredrages av formennenes ordfører, om enn ikke denne har stemme deri ” I formannskapslova sin § 2 står det at det skal vera soknevise val på formenn og representantar. Slik vert kyrkjesokna heimla som soknekommune i formannskapslova, som såleis gav heimel både til formannskapsdistrikt/heradskommunar og soknekommunar. Kvar heradskommune kunna ha fleire soknekommunar, som vart leia av soknestyre. Soknekommunane var heilt sjølvstendige kommunar, og hadde bevilgningsrett i dei sakene dei kunne ha føre seg. I 1837 var soknekommunen tiltenkt ei beskjeden rolle, og då vesentleg i samband med kyrkjeforvaltninga. Kyrkjene vart ikkje kommunal eigedom før ved lova om kyrkje og kyrkjegardar av 1897 . Soknestyre måtte syta for inntekt og vedlikehald av kyrkjene. Det var eigen kyrkjekasse i sokna. Etter kvart vart det ved lover høve til å leggja viktige forvaltningsområde inn under soknekommunen. Fattiglova av 1863, skulelova av 1889, anlegg og vedlikehald av bygdevegar, lov om kyrkjeforvaltning. Soknekommunen kunne ta opp mange saker, slik som el.forsyning, vassforsyning, utbygging av telefonnettet,ymse helsetiltak og utbygging av gamleheimar. Soknestyret vedtok sitt eige budsjett, og kunne etter landskattelova § 133 krevja inn skatt, dersom heradsstyret godkjende dette. Landkommunelova av 1921 opprettheldt soknekommunane og det same gjorde landkommunelova av 1938. Lovene bestemte at soknekommunane skulle ivarta saker som var lovheimla og saker som allereie var dei enkelte soknekommunane sitt ansvar. Det er store variasjonar frå heradskommune til heradskommune med omsyn til utbyggingsnivået av soknekommunane. Det var mange tilhøve som spelte inn her. Det var lange avstandar innanfor prestegjeldet. Fjell og fjord måtte kryssast, og kommunikasjonane var dårlege. Det stod fritt opp til heradskommunen korleis dei ikkje lovpålagte oppgåvene kunne løysast av den enkelte soknekommune. Mange av soknekommunane søkte om å verta eigne heradskommunar. Då soknekommunane ved lov av 15.12.1950 vart oppheva frå 01.07.1951 vart soknedelt kyrkjeforvaltning oppretthalden. Utbyggingsnivået av soknekommunane avspeglar seg sjølvsagt i arkiva frå den enkelte kommune, både i innhald og mengde. Protokoll frå møta i soknestyra kan vera ført inn i møteboka for formannskap/heradstyre, eller det kan vera ført eigne møtebøker. Det vil finnast kopibøker, brevjournalar, korrespondanse/saksarkiv og tilvisningsprotokollar for rekningar. Ved heradskassen vil det som oftaste finnast arkiv etter dei enkelte soknekommunekassane.