Rekneskapsføringa for kommunen sine kassar har utvikla seg frå eit system med særskilte rekneskap og rekneskapsførarar for dei enkelte kassane fram til eit felles rekneskap og ein felles kommunekasse/kommunekasserar (heradskasse/heradskasserar). By og land hadde ulike forskrifter for rekneskapsføringa. Utgreiinga nedanfor omhandlar landkommunane fram til 1942, då by og land fekk felles forskrift. Før 1837 førte skule- og fattigkommisjonen kvart sitt rekneskap, gjerne med presten som rekneskapsførar. Med formannskapslovene i 1837 vart ansvaret for rekneskapet til dei kommunale kassane lagt til formannskapet, og rekneskapsførarane og kasserarfunksjonane vart no lagt under formannskapet. Samstundes skulle formannskapet overta revisjon og desisjon (endeleg godkjenning) av rekneskapa. Kvart sokn kunne ha sin skule-, fattig- og soknekasse. I tillegg kunne det finnast andre kommunale kassar, som t.d. kyrkjekasse for den enkelte kyrkje, vegkasse og hamnekasse. Heradskassen skulle etter kvart dekkja andre kommunale utgifter. Det vart normalt ført separate rekneskap for dei ymse kassane, sjølv om kassane gradvis fekk ein og same rekneskapsførar. Budsjett og utlikning vart knytt nærare saman i 1860-åra, og gradvis fekk dei enkelte kassane felles rekneskapsprotokollar. Departementet gav nærare bestemmelser om rekneskapsføringa 15.11.1883. Kontoplanen vart innført, og det skulle førast eit kassarekneskap og eit nettorekneskap som synte verkelege inn- og utbetalingar. Desse bestemmelsane vart i prinsippet ståande til 1936 for landkommunane. Då kom det forskrifter som presiserte samanhengen mellom budsjett og rekneskap, og prinsippet om dobbel bokføring. I 1942 kom det nye forskrifter som vart felles for by- og landkommunane. Det kom endringar i 1958. Desse vart avløyste av nye forskrifter frå 01.01.1972. Med skattelovene av 1882 kom det viktige endringar i samband med oppkrevjing av skatt. Før den tid var det på landet fogden / lensmannen som krov inn matrikkelskatten. Dei andre skattane som vart utlikna på formue og næring, vart innbetalte til dei respektive rekneskapsførarane eller særskilte oppkrevjingsmenn ( t.d. skule- og fattigskatt). Vart ikkje skatten betalt, kunne den drivast inn ved utpanting, som vart utført av fogd / lensmann. No vart kommunkasseraren skatteoppkrevjar, og fekk rett til å føreta tvangsinndrivelse av kommuneskatten. Statsskatten vart frå 1892 utlikna saman med kommuneskatten, men først ved skattebetalingslova av 1952, gjort gjeldande frå 01.01.1957, vart kommunekasseraren oppkrevjar av statsskatten, og gjeve fullmakt til utpanting for alle skattekrava. Landkommunelova av 30.09.1921 fastsette at det skulle tilsetjast kommunekasserar (heradskasserar). I mindre kommunar vart denne stillinga ofte delt med ein halv stilling som formannskapssekretær. I arkiva vil det finnast rekneskapsmateriale, eller ekstraktar, frå dei ymse kassane i tida før 1882. Etter den tid vil det finnast meir samla for kommunekassen. Det er ført eige rekneskap for skatteoppkrevjinga. Dei ymse forskriftene har i stor grad vore retningsgjevande for utforminga av rekneskapsmateriale som finst i desse arkiva. Frå 2. halvår 1913 til 1. halvår 1960 vart budsjett-/rekneskapsåret ført frå 1.juli til 30. juni. Frå 1.januar 1961 er dette identisk med kalendaråret.

Arkivinstitusjoner:
Samfunnsektor:
Kommune
Forvaltningsnivå:
Fagetater
Forvaltningsområde:
Finanser, økonomi, statistikk, folkeregister