Side 4 av ca 2 172 resultater
1858 - 1964
1940 - 1955

Etter lov av 09.07.1939 vart det oppretta forsyningsnemnder i alle kommunar. Dei vart i stor grad organiserte på same måte som provianteringsråda, og fekk mange av dei same gjeremåla. Kommunestyret kunne velja særnemnder til å ta seg av oppgåver som var lagt til forsyningsnemnda, som rasjoneringsnemnd, vedutval/brenselutval, kabelnemnd, skonemnder, oljenemnder o.l. Desse vart rekna som avdelingar av forsyningsnemnda. Forsyningsnemnda skulle ha løna forretningsførar tilsett av kommunestyret, og om naudsynt andre løna funksjonærar. Forsyningsnemnda skulle primært sikra forsyninga av dei mest naudsynte forbruksvarer til innbyggjarane. Funksjonen til nemnda kan delast inn slik: - Skaffa tilgang på viktige varer og føre tilsyn med omsetning av varene - Oversikt over lager og etablering av reservelager av viktige varer - Rasjonering til husstandar, verksemder og institusjonar - Utdeling av rasjoneringskort og føring av daglister for kontroll med dette - Teljingar av areal, jordbruksprodukt og varer hjå handlande Arkivet etter forsyningsnemnda kan innehalde møtebøker, kopibøker, brevjournalar, korrespondanse og saksdokument, tilvisnings- og rekneskapsprotokollar. Meir tilfeldig vil det finnast husstandsregister, husdyrregister, leverandørregister, register over søknader om rasjoneringskort, daglister for utdeling av dei ymse rasjoneringskorta, og daglister for tildeling av ymse mengder av enkelte varesortar, kontrollrekneskap over utdelte rasjoneringskort, lagerprotokollar for inn og uttak av ymse varesortar frå lagra, oversyn over teljingar av jordbruksprodukt, kontroll og rasjonering av jordbruksproduksjon og innberetningar til fylkesforsyningsnmnda.

1945 - 1963
1924 - 1926
Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/1254-842.1
1908 - 1935

Skjælgraving i Lofoten: Korrespondanse, telegram og rekneskap 1908-1914. Johannes S. Eikanger: Ymse rekneskapsbilag, brev o. l. 1922-1935

Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/1254-Pa0001