I tida 1741 -1790 vart det oppretta fattigkommisjonar i kvart stift. "Anordningen om Fattigvæsenet i Bergen stift", av 1755, oppretta ein overkommisjon og soknekommisjonar i kvart sokn. Kommisjonane hadde to hovudoppgåver: - å sørgje for at dei rette almisselemene (sjuke, gamle og dei som ikkje kunne klara seg sjølv) fekk hjelp - å straffa "late og ørkesløse betlere samt andre omstreifende egenrådige og udydige mennesker". Soknekommisjonen var samansett av presten, ev. kapellanen, lensmannen, presten sine medhjelparar og etter soknepresten sitt forslag - "af fogden beskikkede 2 sognemænd." Ved utgangen av kvart år skulle dei senda forståelege rekneskap til overkommisjonen i Bergen, saman med opplyningar om fattigvesenet. Dei fattige skulle halda seg i sitt eige sokn. Sokne-kommisjonen skulle dela dei almisseverdige inn i legder hos bøndene slik at dei fekk mat, drikke og husvære. Friske born og vaksne skulle vera med i arbeidet på garden. Dei som ikkje var bønder, skulle i staden betala pengar til fattigkassa. Til å halda sokna rydda for tiggarar og omstreifarar skulle soknekommisjonen oppnemna to bygdevektarar. I 1816 kom truleg endring i samansetninga: dei "af fogden beskikkede 2 sognemænd" vart erstatta av valgmenn. Formannskapslovene av 1837 oppretta det såkalte kombinerte formannskap, eller fattigformannskapet. Formannskapet fekk frå no ansvaret for fattigkommisjonen. Fattig-kommunen skulle antan tilsvara soknet som før 1837, eller heile formannskapsdistriktet. Når fattigsaker skulle handsamast, møtte fattigkommisjonen med unntak av dei folkevalde medlemene saman med formannskapet - ev. formennene frå det aktuelle soknet. Ved fattiglovene av 1845 forsvant overkommisjonane. På landet skulle fattig-kommisjonen bestå av presten som ordførar, og så mange valgte medlemer som formennene og kommunestyret bestemte. Dei viktigast oppgåvene var å setja opp budsjett og bestemma kven som skulle få kva slags støtte. Kommisjonen hadde rett til å fastsetja avgiftene på brennevin, vin og øl. Formenn og kommunestyret skulle saman med fattigkommisjonen dela fattigkommunen opp i underdistrikt og roder. Fattigkommisjonen skulle peika ut ein til-synsmann for fattigkommunen og ein rodemeistar for kvar rode. Om naudsynt kunne dei og tilsetja fattigvektarar/bygdevektarar. Dei fattige vart delt inn i tre klassar: 1) dei som ikkje kunne arbeida. 2) born. 3) dei som delvis kunne syta for seg sjølv og familien. Fattigkommisjonen skulle ha ein forhandlingsprotokoll, kopibok for utgåande brev og brevjournal. Kommisjonen kunne og føra manntallsprotokoll over fattiglemer og legdsprotokollar/legdsrullar. I landsfattiglova av 1863 var ikkje lenger presten sjølvskriven formann i fattig-kommisjonen, men var framleis medlem. Fattigkommisjonen skulle laga framlegg til budsjett som skulle godkjennast av kommunestyret, m.a. størrelsen på fattigkassa. Manntalls-protokollar over fattiglemmer vart påbode. Dei som ikkje tente tilstrekkeleg til eige eller familiens underhold kunne plasserast på fattiggardar. Fattiglova av 19.5.1900, gjaldt både by og land. For fattigforsorga og krinstilsynet skulle det utarbeidast eigne planar som departementet skulle godkjenna. Skiljet mellom dei ulike fattigklassane fall bort. "Fortegnelse over understøttede Trængende", som erstatta manntalsprotokollane vart påbode. I følgje 1900-lova skulle det nyttast trykte skjema til hjemstamnsforklaringer. Attestane som innflyttarane hadde med seg skulle vere utstedt av lensmannen. Legdsordninga fall no bort. Dei som mottok støtte frå fattigkassa mista ein del samfunnsretar: mellom anna fekk dei ikkje stemmerett før i 1919. Ved lov av 1948 endra fattigstyre namn til forsorgsstyre. Ved nyorganisering ved lov om sosial omsorg av 5.6.1964 - gjaldt både by og land - vart forsorgsstyret no til sosialstyret.
Verjelova (1896) trådde i kraft i 1900 og bestemte at barn under 16 år (18 år frå 1934) kunne setjast bort hjå forsterforeldre, i barneheimar e.l. dersom dei hadde gjort straffbare handlingar, var mishandla eller forsømte av foreldra, eller hadde ei åtferd som gjorde at føresette eller skule ikkje kunne styra dei. I kvar kommune skulle det veljast eit verjeråd, samansett av sorenskrivaren, presten og fem medlemer valde av kommunestyret. Frå 1907 kunne det opprettast fleire verjeråd i kvar kommune Barnevernemnda etter Barnevernslova av 1953 (trådde i kraft 1. juli 1954), erstatta verjerådet. Alle medlemene av nemnda vart valde av kommunestyret. Oppgåvene til barnevernsnemnda var stort sett dei same som for verjerådet, men det skulle utnemnast tilsynsførar for det einskilde barnet. Verjerådet og barnevernsnemnda skulle føra møtebok.
Kommunen kunne ha eigne kommunale alderstrygdeordningar. Administrasjonen vart vanlegvis lagt til eit trygdestyre oppnemnt av kommunestyret. Staten gav ikkje støtte til dei kommunale trygdeordningane, og utgiftene måtte kvart år på vanleg måte bevilgast av kommunestyret. Alderstrygdlova vart vedteken 16.07.1936. I den enkelte kommune skulle det vera ei alderstrygdnemnd, der trygdestyret oppnemnte formannen og kommunestyret dei andre medlemene. Kommunestyret kunne bestemma at det skulle tilsetjast løna forretningsførar. Nemnda skulle leia administrasjonen av alderstrygda i kommunen og føra tilsyn med trygda. Alderstrygdlova av 6.07.1957 bestemte at trygdekassen fekk ansvaret for alderstrygda. Barnetrygdlova av 24.10.1946 bestemte at alderstrygdnemnda også skulle vera barntrygdnemnd. Frå 1957 fekk trygdekassen ansvaret for barnetrygda, til liks med alderstrygda. I arkiva etter alders og barnetrygdnemnda vil det finnast møtebøker, journalar, kopibøker og korrespondansesaker. Dei to nemndene førte sjølstendige protokollar, sjølv om dei hadde same styret. For alderstrygda vil det også finnast personmapper, ofte ordna etter nummer med alfabetisk register. Det vil finnast rekneskapsbøker på utbetalingar frå dei to nemndene.
Denne serien inneheld søknader og løyve om statstilskot til private vassanlegg. Hamre vassforsyningsnemnd tilrådde søknadane til Hamre heradsstyre, som gjorde vedtak om å tilrå søknaden vidare til Hordaland Landbruksselskap, som kunne gje merknader til planen og kostnadsoverslaget. Søknaden gjekk vidare til Landbruksdepartementet, som gav endeleg løyve om tilskot etter gjeldande reglar. Søknadane viser kostnadsoverslag og situasjonsplan over tunet, med teikning av vasskjelda og trase for vassleidningen (ane). Søknadane er her ordna etter gards- og bruksnummer, med tilnærma tidsrom.
Ved lov av 2.04.1917 påla provianteringsråda - eller særskilte nemnder - å arbeida for at folk kunne leiga jord for å dyrka jordbruksprodukt til eige bruk. Provisorisk anordning av 10.01.1918 og midlertidig lov av 23.03.1918 fastsette at kommunestyra skulle velja ei eller fleire næringsnemnder, som skulle arbeida for å auka jordbruksproduksjonen i kommunen. Oppgåvene til nemnda var m.a. å gje innstilling til kommunen om avståing av jord som ikkje vart halden i hevd, slik at denne kunne leigast ut til private eller verta driven heilt eller delvis for kommunen si rekning, og å gje pålegg om utleige av hestar til jordbrukarar som mangla trekkraft. I arkiva etter næringsnemndene vil ein finne møtebøker og rekneskapsprotokollar. I arkiva etter provianteringsrådet vil det også finnast arkivmateriale etter arbeidet med å auka jordbruksproduksjonen. Lov av 19.11.1920 fastsette at det i kvar kommune eller sokn skulle veljast eit jordstyre, samansett av tre jordbrukskyndige medlemer. Jordstyret skulle tilsetja ein eller fleire til å planleggja og kontrollera jorddyrkinga i kommunen. Lov av 29.06.1922 fastsette at ein av medlemene i jordstyret skulle vera bygningskyndig. Ved lov av 22.06.1928 (jordlova) vart talet på medlemer i jordstyret utvida til fem. Lova fastsette at jordstyre skulle hjelpa kommunen med å skaffa til veges jord for dei som søkte om dette, enten gjennom frivillig sal eller gjennom oreigning. Jordstyret kunne også gripa inn dersom jordbruket vart vanstelt. Jordstyret skulle også hjelpa dei jordsøkjande med ordning av den økonomiske delen av jordkjøpet. Lov av 10.03.1938 presiserte at jordstyret skulle utarbeida plan for utnytting av dyrkingsjord, særleg med sikte på å utvida bruk som er for små og å leggja tilhøva til rette for bureising. Staten gav gjennom ymse fond lån og støtte til bureising og jorddyrking. Nye tilskotsordningar kom til etter kvart. Etter dei til ei kvar tid gjeldande reglar skulle jordstyret rå til søknader om tilskot for jorddyrking, gjødselkjellarar, potetkjellarar, silobygg, reparasjon av eldre driftsbygningar og våningshus, eller til nyoppføring av bygningar på bureisingsbruk o.s.v. Tilrådinga gjekk til landbrukselskapet i fylket, som avgjorde søknaden. Det skulle også førast kontroll med ferdiggjering av arbeidet og utbetaling av løyvde tilskot. Oppgåvene for jordstyret vart etter kvart så mange, at det i dei fleste landkommunar vart oppretta jordstyrekontor som skulle ta seg av dei daglege gjeremåla. Dette kontoret vart normalt leia av ein fastløna person som var jordbruksutdanna. Dette kunne vera ein jordstyresekretær eller heradsagronomen. Heradsagronomen var tilsett i eit heradsagronomdistrikt, som kunne vera to eller tre kommunar. Han sorterte fagleg under landbruksselskapet, seinare landbrukssjefen i fylket, og var løna delvis av staten og delvis av herredsagronomdistriktet. Heradsagronomen skulle frå 1959 vere saksførebuar og fagleg konsulent for jordstyret. Etter 1945 var det vanleg at jordstyret uttalte seg i konsesjonssaker. Jordlova av 1955 erstatta lova av 1928. Etter den fekk jordstyret ein god del statlege oppgåver når det gjaldt å verna om den dyrka og dyrkbare jorda, og det som var mest gagnleg for samfunnet når det galdt tilrettelegging av jordviddene i landet med skog og fjell og alt som høyrer til, og til beste for dei som har jordbruk som yrke. Med verknad frå 1981 vart dei kommunale jordstyra sine oppgåver overtekne av staten. Jordstyrekontoret vart statleg, og fekk namnet landbrukskontoret, og jordstyret skifta namn til landbruksnemnda, som vart valt av kommunestyre. I arkivet frå jordstyret vil i det i tidsrommet 1921 1980 finnast møtebøker, kopibøker, brevjournaler, korrespondanse, gards og eigedomsarkiv, dyrkings planar og protokollar, protokollar for dei ymse tilskota, daglister, tilvisningsbøker, rekneskapsbøker og bilag m.m.