Side 2 av ca 2 172 resultater

I Formannskapslova av 1837 står det i § 20 at « når en sak utelukkende angår et enkelt sogn eller enkelte sogne, skal kun de formenn eller representantar som dertil henhører, delta i stemmegivningen derover, men saken foredrages av formennenes ordfører, om enn ikke denne har stemme deri ” I formannskapslova sin § 2 står det at det skal vera soknevise val på formenn og representantar. Slik vert kyrkjesokna heimla som soknekommune i formannskapslova, som såleis gav heimel både til formannskapsdistrikt/heradskommunar og soknekommunar. Kvar heradskommune kunna ha fleire soknekommunar, som vart leia av soknestyre. Soknekommunane var heilt sjølvstendige kommunar, og hadde bevilgningsrett i dei sakene dei kunne ha føre seg. I 1837 var soknekommunen tiltenkt ei beskjeden rolle, og då vesentleg i samband med kyrkjeforvaltninga. Kyrkjene vart ikkje kommunal eigedom før ved lova om kyrkje og kyrkjegardar av 1897 . Soknestyre måtte syta for inntekt og vedlikehald av kyrkjene. Det var eigen kyrkjekasse i sokna. Etter kvart vart det ved lover høve til å leggja viktige forvaltningsområde inn under soknekommunen. Fattiglova av 1863, skulelova av 1889, anlegg og vedlikehald av bygdevegar, lov om kyrkjeforvaltning. Soknekommunen kunne ta opp mange saker, slik som el.forsyning, vassforsyning, utbygging av telefonnettet,ymse helsetiltak og utbygging av gamleheimar. Soknestyret vedtok sitt eige budsjett, og kunne etter landskattelova § 133 krevja inn skatt, dersom heradsstyret godkjende dette. Landkommunelova av 1921 opprettheldt soknekommunane og det same gjorde landkommunelova av 1938. Lovene bestemte at soknekommunane skulle ivarta saker som var lovheimla og saker som allereie var dei enkelte soknekommunane sitt ansvar. Det er store variasjonar frå heradskommune til heradskommune med omsyn til utbyggingsnivået av soknekommunane. Det var mange tilhøve som spelte inn her. Det var lange avstandar innanfor prestegjeldet. Fjell og fjord måtte kryssast, og kommunikasjonane var dårlege. Det stod fritt opp til heradskommunen korleis dei ikkje lovpålagte oppgåvene kunne løysast av den enkelte soknekommune. Mange av soknekommunane søkte om å verta eigne heradskommunar. Då soknekommunane ved lov av 15.12.1950 vart oppheva frå 01.07.1951 vart soknedelt kyrkjeforvaltning oppretthalden. Utbyggingsnivået av soknekommunane avspeglar seg sjølvsagt i arkiva frå den enkelte kommune, både i innhald og mengde. Protokoll frå møta i soknestyra kan vera ført inn i møteboka for formannskap/heradstyre, eller det kan vera ført eigne møtebøker. Det vil finnast kopibøker, brevjournalar, korrespondanse/saksarkiv og tilvisningsprotokollar for rekningar. Ved heradskassen vil det som oftaste finnast arkiv etter dei enkelte soknekommunekassane. Samfunnsplassering: Samfunnssektor: Kommune Aktørtype: Forvaltningsorgan Forvaltningsnivå: Sentralorgan Forvaltningsområde: Finanser, økonomi, statistikk, folkeregister Kjønn: Ikke satt Tilknyttede arkivenheter: IKAH/1254-122.3 Hamre kommune. Alversund sokn kyrkjekasse , 1871 - 1883, (arkivskaper) Tilknyttede aktører: Tilknyttede aksesjoner: Tilknyttede tilvekster: Annet: Opprettet av: TRH Opprettet dato: 10 - 17 - 2019

I tida 1741 -1790 vart det oppretta fattigkommisjonar i kvart stift. "Anordningen om Fattigvæsenet i Bergen stift", av 1755, oppretta ein overkommisjon og soknekommisjonar i kvart sokn. Kommisjonane hadde to hovudoppgåver: - å sørgje for at dei rette almisselemene (sjuke, gamle og dei som ikkje kunne klara seg sjølv) fekk hjelp - å straffa "late og ørkesløse betlere samt andre omstreifende egenrådige og udydige mennesker". Soknekommisjonen var samansett av presten, ev. kapellanen, lensmannen, presten sine medhjelparar og etter soknepresten sitt forslag - "af fogden beskikkede 2 sognemænd." Ved utgangen av kvart år skulle dei senda forståelege rekneskap til overkommisjonen i Bergen, saman med opplyningar om fattigvesenet. Dei fattige skulle halda seg i sitt eige sokn. Sokne-kommisjonen skulle dela dei almisseverdige inn i legder hos bøndene slik at dei fekk mat, drikke og husvære. Friske born og vaksne skulle vera med i arbeidet på garden. Dei som ikkje var bønder, skulle i staden betala pengar til fattigkassa. Til å halda sokna rydda for tiggarar og omstreifarar skulle soknekommisjonen oppnemna to bygdevektarar. I 1816 kom truleg endring i samansetninga: dei "af fogden beskikkede 2 sognemænd" vart erstatta av valgmenn. Formannskapslovene av 1837 oppretta det såkalte kombinerte formannskap, eller fattigformannskapet. Formannskapet fekk frå no ansvaret for fattigkommisjonen. Fattig-kommunen skulle antan tilsvara soknet som før 1837, eller heile formannskapsdistriktet. Når fattigsaker skulle handsamast, møtte fattigkommisjonen med unntak av dei folkevalde medlemene saman med formannskapet - ev. formennene frå det aktuelle soknet. Ved fattiglovene av 1845 forsvant overkommisjonane. På landet skulle fattig-kommisjonen bestå av presten som ordførar, og så mange valgte medlemer som formennene og kommunestyret bestemte. Dei viktigast oppgåvene var å setja opp budsjett og bestemma kven som skulle få kva slags støtte. Kommisjonen hadde rett til å fastsetja avgiftene på brennevin, vin og øl. Formenn og kommunestyret skulle saman med fattigkommisjonen dela fattigkommunen opp i underdistrikt og roder. Fattigkommisjonen skulle peika ut ein til-synsmann for fattigkommunen og ein rodemeistar for kvar rode. Om naudsynt kunne dei og tilsetja fattigvektarar/bygdevektarar. Dei fattige vart delt inn i tre klassar: 1) dei som ikkje kunne arbeida. 2) born. 3) dei som delvis kunne syta for seg sjølv og familien. Fattigkommisjonen skulle ha ein forhandlingsprotokoll, kopibok for utgåande brev og brevjournal. Kommisjonen kunne og føra manntallsprotokoll over fattiglemer og legdsprotokollar/legdsrullar. I landsfattiglova av 1863 var ikkje lenger presten sjølvskriven formann i fattig-kommisjonen, men var framleis medlem. Fattigkommisjonen skulle laga framlegg til budsjett som skulle godkjennast av kommunestyret, m.a. størrelsen på fattigkassa. Manntalls-protokollar over fattiglemmer vart påbode. Dei som ikkje tente tilstrekkeleg til eige eller familiens underhold kunne plasserast på fattiggardar. Fattiglova av 19.5.1900, gjaldt både by og land. For fattigforsorga og krinstilsynet skulle det utarbeidast eigne planar som departementet skulle godkjenna. Skiljet mellom dei ulike fattigklassane fall bort. "Fortegnelse over understøttede Trængende", som erstatta manntalsprotokollane vart påbode. I følgje 1900-lova skulle det nyttast trykte skjema til hjemstamnsforklaringer. Attestane som innflyttarane hadde med seg skulle vere utstedt av lensmannen. Legdsordninga fall no bort. Dei som mottok støtte frå fattigkassa mista ein del samfunnsretar: mellom anna fekk dei ikkje stemmerett før i 1919. Ved lov av 1948 endra fattigstyre namn til forsorgsstyre. Ved nyorganisering ved lov om sosial omsorg av 5.6.1964 - gjaldt både by og land - vart forsorgsstyret no til sosialstyret.

1889 - 1947
1865 - 1963

By og land hadde ulik utlikning av skatt like fram til 1975, då skattelova vart lik for by og land. Utgreiinga nedanfor er gjort utifrå skattelovene for kommunane på landsbygda i tida 1837 til 1965, då administrasjonen av likninga vart overført til staten. Formannskapslovene gjorde at kommunane vart sjølvstendige i økonomiske saker, men hadde ingen bestemmelsar om skatt. Tidlegare praksis ved utlikning og innkreving av skatt heldt difor fram som før 1837. Dei generelle utgiftene til kommunane vart dekte gjennom refusjonar av den statlege martrikkelskatten. Utgifter til skule- og fattigstellet vart dekte gjennom skattar utlikna av skule- og fattigkommisjonane. Skulekommisjonen hadde ansvaret for utlikninga av skuleskatten fram til lov av 16.06.1860 overførte denne retten til kommunestyret eller ein likningskommisjon valt av kommunestyret. Fattiglova av 6.06.1863 gjorde tilsvarande endring for fattigskatten. Fattiglova fastsette og at det skulle veljast ein eigen overlikningskommisjon for å handsama klager på likninga. Skattelovene av 15.04.1882 innførte ein felles kommuneskatt, som skulle utliknast av likningskommisjonen på grunnlag av eigedom, inntekt og formue. Det kunne og opprettast overskattekommisjon til å handsama saker for skatteytarar busette utanfor kommunen. Etter lov av 30.05.1891 kunne det opprettast eigne likningskommisjonar for kvart sokn. Ved lov av 29.06.1892 vart likningskommisjonen tillagt ansvaret for utlikninga av statsskatt. Likningskommisjonen og overlikningskommisjonen endra ved lov av 18.08.1911 namn til likningsnemnd og overlikningsnemnd. Overskattekommisjonen vart då erstatta av ei serskild klagenemnd. Framleis kunne det vera serskilde likningsnemnder i dei enkelte sokna. Skattelova av 1911 gav allmenn plikt til å levera sjølvmelding og næringsoppgåver, og utlikninga av skatten skulle no byggja på desse. 1911-lova innførte ei ordning med likningsråd som skulle gjennomgå sjølvmeldingane. I byane var dette pålagt, medan det på landet var frivillig. Der det ikkje vart oppretta likningsråd, skulle likningsnemnda ha desse funksjonane. Likningsrådet hadde avgjerande myndigheit når det galdt handsaming av sjølvmeldingane og utlikning av skatten. Etter lov av 15.02.1935 skulle ein der det ikkje fanst likningsråd, oppretta eit likningsutval til å ta førebels handsaming av sjølvmeldingar og næringsoppgåver. Formannen i likningsnemnda skulle vera formann i likningsutvalet. Likningsutvalet sitt arbeid hadde meir karakter av tilrettelegging for likningsnemnda, som så avgjorde utlikninga etter sjølvmeldingane. Likningsrådet og likningsutvalet vart avskaffa ved lov av 30.06.1955. Denne lova oppretta eit serskilt takstutval for jord og skogbrukseigedomar og eit for andre eigedommar. Lov av 10.07.1936 gav påbod om å ha fast tilsett forretningsførar for likningsvesenet. Ved lov av 1950 vart all saksførebuing tillagt likningssjefen. Frå 1957 vart skatteinnkrevjinga lagt om, slik at dei fleste kom til å betale skatt av årets inntekt (forskotsskatt). Tidlegare vart skatten betalt etterskotsvis. Arkiva etter likningsvesenet vil innehalda forhandlingsprotokollar (møtebøker) etter likningskommisjonen og dei andre organa, kopibøker og brevjournalar. Likningsprotokollar, som viser utlikninga av skatten, er den mest omfattande arkivserien. I dei første åra kan likninga vere innført i møtebøkene. Frå 1892 kom opplysningar om statsskatt med i likningsprotokollane, ofte ført i eigne protokollar for kommuneskatt og statsskatt. Kladdelistene kan vera tekne vare på. Desse inneheld sjølve likningsutrekninga og har detaljerte opplysningar frå sjølvmelding/næringsoppgåver. Sjølvmeldingane er som oftaste kasserte. Det vil som regel i liten grad vera bevart anna korrespondanse.

Heradskommisjonen vart oppretta for å matrikulere eigedommane i kommunen. Ein førebuande komite skulle lage eit samla oversyn over eigedommane og foreslå korleis skatteskulda skulle delast. Etter at framlegget hadde vore til ettersyn, skulle kommisjonen lage eit endeleg framlegg til matrikkel. Denne skulle deretter bli behandla av tilsvarande organ på fogderi- og amtsnivå.

1862 - 1965

Grunnlaget for utviklinga av det moderne skulestellet vart lagt ved skuleforordninga av 1739, som fastsette innhaldet i undervisninga i skulane. Denne vart følgd opp av skuleplakaten av 1741, som fastsette at amtmannen og prosten skulle samla fire av dei "beste menn" i kvart prestegjeld, soknepresten og hans kapellanar. I fleire prestegjeld deltok dei fire "beste menn" frå kvart sokn. Denne skulekommisjonen skulle utarbeida ein plan for organiseringa av undervisninga i prestegjeldet og setja opp budsjett for skulestellet og utlikna skuleskatt på innbyggjarane. Dette dokumentet vert ofte kalla "skulefundas". For kvart sokn skulle kommisjonen peika ut ein eller fleire menn til å krevja inn skuleskatten og føra rekneskap for soknet si skulekasse. I 1816 vart samansetjinga av skulekommisjonen endra til å omfatte presten, hans medhjelparar, lensmannen og prestegjeldet sine valmenn. Skulelova for landet av 1827 bygde i det vesentlege på forordninga og plakaten, men det vart sett minimumskrav til utbyggjinga av skulestellet. Skulekommisjonen kunne fastsetja talet på skuledistrikt og omgangsroder, likna ut skuleskatt og påleggja dei med matrikulert jord å ta i mot omgangskulen. Kommisjonen kunne og be regjeringa om fritak frå lovpåbodet om fast skule ved hovudkyrkja. I 1834 vart det utarbeida skuleplanar for dei einskilde stifta med instruks for lærarane. Formannskapslovene av 1837 la skulen sin økonomi under formannskapet. Når det vart handsama saker om skulen, skulle kommisjonen (med unntak av dei folkevalde medlemene) tiltre formannskapet. Dette organet vart kalla kombinert formannskap eller skuleformannskap. Formannskapet skulle tilsetje rekneskapsførar for skulekassa. Kvart sokn kunne etter formannskapslova ha sin eigen skulekommisjon, eller den kunne vere felles for formannskapsdistriktet. I arkivet etter skulestyret vil det finnast møtebøker (forhandlingsprotokollar), kopibøker og brevjournalar. Korrespondanse og saksdokument er fram til om lag 1960 som oftaste kronologisk ordna etter journalnummer eller dato. Samstundes vil det finnast sideordna korrespondanse, som er ordna etter emne. Seinare er dette ordna etter arkivnøkkel . I arkivet finst det også personalarkiv og tilvisningsbøker. Rekneskapet for skulekassen er som oftaste arkivert hjå heradskassen. Fedje sokn i Lindås heradskommune, og frå 1910 Austrheim heradskommune, var eigen skulekommune fram til Fedje vart eigen heradskommune frå 01.07.1947.

1920 - 1970

Utover på 1800-talet skipa fleire skular skulebibliotek og i 1892 starta Stortinget med å gje stønad til skulebiblioteka. Føresetnaden var at tilsynsutvalet valde eit bibliotekstyre som m.a skulle ta seg av bokinnkjøp. Frå 1949 skulle alle folkeskular ha bibliotek, og skulestyret skulle peika ut eit samstyre for alle skulebiblioteka i kommunane. Samstyret varti avskaffa i 1971.

1862 - 1994
1954 - 1968