I tida 1741-1790 vart det oppretta fattigkommisjonar i kvart stift. “Anordningen om Fattigvæsenet i Bergen stift”, av 1755, oppretta ein overkommisjon og soknekommisjonar i kvart sokn. Kommisjonane hadde to hovudoppgåver: sørgje for at dei rette almisselemene (sjuke, gamle og dei som ikkje kunne klara seg sjølv) fekk hjelp og å straffa "late og ørkesløse betlere samt andre omstreifende egenrådige og udydige mennesker." Soknekommisjonen var samansett av presten, ev. kapellanen, lensmannen, presten sine medhjelparar og etter soknepresten sitt forslag – "af fogden beskikkede 2 sognemænd." Ved utgangen av kvart år skulle dei senda forståelege rekneskap til overkommisjonen i Bergen, saman med opplyningar om fattigvesenet. Dei fattige skulle halda seg i sitt eige sokn. Sokne-kommisjonen skulle dela dei almisseverdige inn i legder hos bøndene slik at dei fekk mat, drikke og husvære. Friske born og vaksne skulle vera med i arbeidet på garden. Dei som ikkje var bønder, skulle i staden betala pengar til fattigkassa. Til å halda sokna rydda for tiggarar og omstreifarar skulle soknekommisjonen oppnemna to bygdevektarar. I 1816 kom truleg endring i samansetninga: dei “af fogden beskikkede 2 sognemænd” vart erstatta av valgmenn. Formannskapslovene av 1837 oppretta det såkalte kombinerte formannskap, eller fattigformannskapet. Formannskapet fekk frå no ansvaret for fattigkommisjonen. Fattigkommunen skulle antan tilsvara soknet som før 1837, eller heile formannskapsdistriktet. Når fattigsaker skulle handsamast, møtte fattigkommisjonen med unntak av dei folkevalde medlemene saman med formannskapet – ev. formennene frå det aktuelle soknet. Ved fattiglovene av 1845 forsvant overkommisjonane. På landet skulle fattigkommisjonen bestå av presten som ordførar, og så mange valgte medlemer som formennene og kommunestyret bestemte. Dei viktigast oppgåvene var å setja opp budsjett og bestemma kven som skulle få kva slags støtte. Kommisjonen hadde rett til å fastsetja avgiftene på brennevin, vin og øl. Formenn og kommunestyret skulle saman med fattigkommisjonen dela fattigkommunen opp i underdistrikt og roder. Fattigkommisjonen skulle peika ut ein til-synsmann for fattigkommunen og ein rodemeistar for kvar rode. Om naudsynt kunne dei og tilsetja fattigvektarar/bygdevektarar. Dei fattige vart delt inn i tre klassar: 1) dei som ikkje kunne arbeida 2) born 3) dei som delvis kunne syta for seg sjølv og familien Fattigkommisjonen skulle ha ein forhandlingsprotokoll, kopibok for utgåande brev og brevjournal. Kommisjonen kunne og føra manntallsprotokoll over fattiglemer og legdsprotokollar/legdsrullar. I landsfattiglova av 1863 var ikkje lenger presten sjølvskriven formann i fattig-kommisjonen, men var framleis medlem. Fattigkommisjonen skulle laga framlegg til budsjett som skulle godkjennast av kommunestyret, m.a. størrelsen på fattigkassa. Manntalls-protokollar over fattiglemmer vart påbode. Dei som ikkje tente tilstrekkeleg til eige eller familiens underhold kunne plasserast på fattiggardar. Fattiglova av 19.5.1900, gjaldt både by og land. For fattigforsorga og krinstilsynet skulle det utarbeidast eigne planar som departementet skulle godkjenna. Skiljet mellom dei ulike fattigklassane fall bort. “Fortegnelse over understøttede Trængende”, som erstatta manntalsprotokollane vart påbode. I følgje 1900-lova skulle det nyttast trykte skjema til hjemstamnsforklaringer. Attestane som innflyttarane hadde med seg skulle vere utstedt av lensmannen. Legdsordninga fall no bort. Dei som mottok støtte frå fattigkassa mista ein del samfunnsretar: mellom anna fekk dei ikkje stemmerett før i 1919.Ved lov av 1948 endra fattigstyre namn til forsorgsstyre. Ved nyorganisering ved lov om sosial omsorg av 5.6.1964 – gjaldt både by og land – vart forsorgsstyret no til sosialstyret.
Med mellombels lov av 1933 vart det bestemt av kommunestyret kunne velje edruskapsnemnd eller la fattigstyret ta seg av nemnda sine oppgåver. Lova gjaldt til 1939, då edruskapslova av 1932 vart satt i kraft. Edruskapsnemnda vart då obligatorisk. Nemnda hadde mynde til å nytta tvang mot alkoholmisbrukarar. By- eller herredsdommar skulle då leie nemndas forhandlingar. Edruskapsnemndene skulle føre møtebok.
Verjelova (1896) trådde i kraft i 1900 og bestemte at barn under 16 år (18 år frå 1934) kunne setjast bort hjå forsterforeldre, i barneheimar e.l. dersom dei hadde gjort straffbare handlingar, var mishandla eller forsømte av foreldra, eller hadde ei åtferd som gjorde at føresette eller skule ikkje kunne styra dei. I kvar kommune skulle det veljast eit verjeråd, samansett av sorenskrivaren, presten og fem medlemer valde av kommunestyret. Frå 1907 kunne det opprettast fleire verjeråd i kvar kommune Barnevernemnda etter Barnevernslova av 1953 (trådde i kraft 1. juli 1954), erstatta verjerådet. Alle medlemene av nemnda vart valde av kommunestyret. Oppgåvene til barnevernsnemnda var stort sett dei same som for verjerådet, men det skulle utnemnast tilsynsførar for det einskilde barnet. Verjerådet og barnevernsnemnda skulle føra møtebok.
Sjuketrygdelova av 18.09.1909 fastsette at det skulle opprettast ein eller fleire offentlege sjukekassar i kommunen. Krinssjukekassane skulle leiast av eit styre som var valt av og mellom krinssjukekassen sine stemmeberettiga medlemer, innskotspliktige arbeidsgjevarar og av kommunestyre. Plikt til å vera medlem av krinssjukekassen hadde først og fremst tilsette i privat og offentleg teneste når dei hadde fylt 15 år og ei viss inntekt. Friviljuge kunne også vera medlemer. Manntalsførte fiskarar vart medlemer ved lov av 25.06.1935. Generalforsamling skulle haldast kvart år. Kommunestyre skulle tilsetja forretningsførar for krinssjukekassen. Krinssjukekassen var eit sjølvstendig rettssubjekt. Ved lov av 6.08.1915 skulle kommunestyre velja alle medlemane av styret. Forretningsføraren fekk rett til delta på styremøte og generealforsamling utan røysterett. Ved sjuketrygdelova av 6.06.1930 skifte krinssjukekassane namn til trygdekassar, og tok samstundes over administrasjon av ulukkestrygdene. Dei årlege generalforsamlingane vart avskaffa. Trygdekassen fekk ansvaret for å administrera dei ulike trygdene som etter kvart vart oppretta. Lov av 2.03.1957 fastesette at sjuketrygda vart obligatorisk. Trygdekassen fekk også administrasjonsansvaret for alderstrygda og barnetrygda. Lov av 17.06.1966 samordna dei ulike offentlege trygdeordningane i folketrygda. Lov av 19.06.1970 overførte trygdekassen sine oppgåver til eit lokalt statleg trygdekontor. Arkivet til krinssjukekassen vil innehalde møtebøker, journalar, kopibøker og korrespondanse etter styret og ankenemnda. Rekneskapsmaterialet utgjer hovudtyngda av trygdearkiva. Serleg inneheld kassa- og kontobøkene ei rekkje detaljerte opplysningar om innbetaling av premie og utbetaling av trygder. Etter kvart som trygdekassen overtok administrasjonen av dei fleste trygder, vil ein finna desse att som eigne rekneskapsprotokollar eller under eigne rubrikker i protokollane. Arbeidsgjevarprotokollane er ein viktig arkivserie. Desse protokollane er eit register over arbeidsgjevarane og tilsette trygdepliktige arbeidstakarar. Her finst opplysningar om arbeidstakarane sine inntektsklassar, risikoklassar, vekepremie og når dei vart innmeldte og utmeldte av trygdeordningane. Frå om lag 1950 er det dessutan ført ein eigen serie med bedriftsregister. Det er også premieprotokollar for frivillig trygding.