Seddelarkiva inneheld kopi av alle setler frå Norsk målføreakiv. Setlane er digitalisert, og er søkbare for alle i ordbokshotellet. Sjå her for oversikt over digitalisert materiale: http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi Ønsker du å se i noe av materialet vi har ved Språksamlingane? Ta kontakt med oss, og vi kan finne fram materialet for deg. Du er hjertelig velkommen til å bruke lesesalen vår.
Ønsker du å se i noe av materialet vi har ved Språksamlingane? Ta kontakt med oss, og vi kan finne fram materialet for deg. Du er hjertelig velkommen til å bruke lesesalen vår.
Norsk stadnamnarkiv er eit arkiv med hovudføremål å samle inn stadnamn frå heile Noreg. Arkivet vart grunnlagd i 1921, overteke av staten i 1939, og i 1979 vart det lagt inn under Universitetet i Oslo som eit eige institutt (Institutt for namnegransking). Frå 1990 var namnet Avdeling for namnegransking. I 1997 vart arkivet ein seksjon under Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap. I 2016 vart arkivet overført til Universitetet i Bergen, der det administrativt høyrer inn under Universitetsbiblioteket. Ønsker du å se i noe av materialet vi har ved Språksamlingane? Ta kontakt med oss, og vi kan finne fram materialet for deg. Du er hjertelig velkommen til å bruke lesesalen vår.
Ingeborg Hoff (1911- 1993) var leiar for Norsk målførearkiv 1972-1981. Ho arbeidde med målvitskap heile livet, og gav ut fleire viktige studiar over austnorske målføre. Ho studerte filologi, og med latin og tysk som sidefag og morsmål som hovudfag, vart ho cand.philol. i 1937. Ho skreiv hovudoppgåve om Vokalismen i Skjetvemålet (Skjetve er bygdemålsforma av Skiptvet). Etter embetseksamen arbeidde Ingeborg Hoff vidare med det same stoffet, og frå 1940 som universitetsstipendiat. Den store avhandlinga Skjetvemålet blei lagd fram i januar 1941. Det var mellombels krigstid, og i oktober same året vart ho arrestert for illegal verksemd og sat på Grini i 9 månader. Ho miste universitetsstipendet sitt, men fekk det att etter krigen. I 1942 var ho i Numedal for å granske bygdemåla der. Resultatet blei to store arbeid; det største var Numedalsmålet (1949). 1948 disputerte Ingeborg Hoff for doktorgraden på avhandlinga om Skjetvemålet. Frå 1948 var Hoff fyrstearkivar ved Norsk målførearkiv, og i 1970 fekk ho eit personleg dosentur i dialektologi. Ho styrte arkivet frå 1972, stod for innsamling av tilfang frå målføra og arbeidde med Norsk dialektatlas (som rett nok ikkje blei fullført). Ho har òg vore ein solid bidragsytar til målføresynopsisen. Ved sidan av verksemda i målførearkivet, dreiv ho sjølvstendig vitskapleg produksjon. (kjelde: Norsk biografisk leksikon) Ifølgje Ingeborg Hoff sitt testamente, blei etterletne artiklar, førelesingar og så vidare, sendt til Universitetsbiblioteket i Oslo av Georg Hoff, bror til avdøde. Georg Hoff har laga ei arkivskildring der han har nummerert oppskriftsbøker og arkivalier. Desse nummera er markerte i innhaldsfeltet under kvar einskild mappe eller dokument. I tillegg til dette materialet fanst det ein del oppskriftsbøker etter henne plassert i eigne merka øskjer i arkivaliane etter Norsk målførearkiv. Desse dialektoppskriftene vart nedskrivne av Ingeborg Hoff på reiser rundt omkring i landet, sumrane åra 1940-1950. Det finst òg ein del kartotekkort/setlar, korrespondanse, førelesingar og notatar etter henne.
Hallfrid, tidlegare Andreassen, vart fødd på Gimsøya i Lofoten. Ho vaks opp i ein storfamilie der faren var lærar og klokkar. Etter folkeskulen, gjekk ho på folkehøgskulen på Ekren ved Melbu (1903 – 1904). I 1906 var Hallfrid 20 år, og ho byrja på Angells privatskole i Kvæfjord. Året etter gifte ho seg like godt med grunnleggaren av skulen, Rasmus Chr. Angell (1875 – 1907). Uheldigvis døyr han av tuberkulose året etter. Hallfrid arbeidde nokre år som huslærar ulike stader i Nord-Norge, før ho reiste til Kristiania. Der livnærte ho seg som kontordame, journalist og privatlærar. Ho gifte seg på nytt med journalisten Olav Lüchen Kopstad (1896 -1915), men det året ho føder dottera Solfrid, døyr han òg. Dottera vart send nordover, medan ho vart att i hovudstaden for å arbeide og studere. I 1925 fullfører Hallfrid eksamen artium. Då er ho 39 år, og gift for tredje gong med arkitekten Julius Christiansen (1880 – 1967). Ekteskapet og den økonomiske tryggleiken gav henne moglegheit til å utdanne seg vidare. Ti år etter eksamen artium, disputerte ho for doktorgraden med avhandlinga «Gimsøy-målet» (1935). Då vart ho den aller fyrste kvinna med doktorgrad i nordisk språkvitskap.
Olai Skulerud (1881-1963) var ein norsk målføregranskar, og professor ved Bergens Museum/Universitetet i Bergen åra 1944-1951. Han var fødd i Porsgrunn i Telemark 12. august 1881. Båe foreldra kom frå Holla i Telemark. Olai var oppkalla etter ein nær ven av faren, Olai Skullerud (med dobbel l), som var lærar og predikant. Far til Olai hadde tent som emissær ein periode, og arbeidde som skuleinspektør og klokkar. Skulerud sjølv brann sterkt for misjonen gjennom heile livet, men valde språkvitskapen som si livsgjerning. I 1899 tok han examen artium i Skien. Han vart vidare cand.philol. i 1906, med faga engelsk, fransk og norsk, og av dei viktigaste lærarane hans kan nemnast Johan Storm, Marius Hægstad og Amund B. Larsen. Sistnemnde sitt arbeid skal Skulerud ha hatt særskilt stor beundring for. Johan Storm skulle han dessutan samarbeide med seinare, som redaktør for ei ny utgiving av sistnemnde si ordliste. I 1907 byrja Skulerud å arbeide som lærar, og han tok pedagogisk eksamen i 1908. Han heldt fram med å undervise og halde førelesingar ved universitetet og ved ulike skular i Kristiania/Oslo dei neste to tiåra. I 1927 vart han lektor ved Skiens offentlege høgre allmennskule. Frå 1911 var han universitetsstipendiat i norsk språk, og i 1918 vart han dr.philos. med avhandlinga Telemaalet i umriss, der det gamle Tinnsmålet (slik det var ved århundreskiftet, før den raske industrialiseringa og folkeveksten i Rjukan) fekk særleg merksemd. Skulerud sitt seinare større arbeid med Tinnsmålet vert rekna som hovudverket hans, òg slik han sjølv såg det. Då fjerde og siste del av verket vart publisert i 1960, var det det største arbeidet som hadde kome ut om ei nordisk dialekt. Åra 1918-1933 hadde Skulerud statsstipend i austlandsk målgransking, før han frå 1935 vigde nokre år i permisjon til å arbeide med dialektologi. Han vart medlem av Det norske Vitenskapsakademi i Oslo i 1925. Han vart fyrstearkivar ved Norsk Målførearkiv i Oslo i 1939, og i åra 1944-1951 var han professor i vestnorsk målføregransking ved Folkeminnesamlingi ved Bergens Museum, som Gustav Indrebø sin etterfølgjar. Ved tilsetjinga framheva vurderingskomitéen frå 1943 særleg den enorme arbeidsinnsatsen han til då hadde lagt ned i behandlinga av over hundre norske målføre. Skulerud gjorde ei rekkje studiereiser i utlandet, frå dei åra han var under utdanning, og seinare som forskar. Med stipend frå Sophus Bugges legat og Svenska landmålsföreningen tilbrakte han vårsemesteret 1907 i Uppsala og Dalarna. Rundt årsskiftet 1911-12 oppheldt han seg i Storbritannia, og høvesvis i 1920 og 1927 i Frankrike. Her tok han òg eksamen i fonetikk. Av seinare studiereiser vart det gjort ei islandsferd i 1947. Attåt dette kjem dei talrike innsamlingsreisene kringom i norske bygder, særleg i Aust-Telemark og på Sør-Austlandet, og seinare i Hordaland i åra som professor i Bergen. I tillegg til skriftlege nedteikningar, fekk han gjort mange lydopptak. Skulerud sine interesseområde femna òg mellom anna dativ av namnord i nynorsk, det yngre u-lydbrigdet i norrønt språk, og runologi. Skulerud døydde i Oslo 10. september 1963. Opplysningane ovafor er i hovudsak henta frå starten av Helge Sandøy sin artikkel «Olai Skulerud - vitskapsmannen» frå 1988, som elles gir ein grundig gjennomgang og vurdering av Skulerud sin faglege produksjon. Kjelder: Sandøy, Helge 1988. «Olai Skulerud – vitskapsmannen», i Jarle Bondevik (red.): Frå smått til stort. Nordistikk i Bergen gjennom 70 år. Bergen. "Bymannen som har skapt storverket om eit norsk bygdemål", Nationen 30.september 1960. s.9 https://nn.wikipedia.org/wiki/Olai_Skulerud https://snl.no/Olai_Skulerud
Ved lån av materiale - henvend dere til Språksamlingene: Språksamlingane@uib.no Denne skildringa av arkivet er frå LLEs nettside: Ved Målføresamlinga finst det talemålsoppskrifter av ymse slag, først og fremst frå vestlandske målføre, men òg ein del utanom det området. For ein stor del er det systematiske oppskrifter etter Storm: Kortere Ordliste eller Hallfrid Christisansen: Spørjeliste ved gransking av vestnorske målføre. Elles er det oppskrifter av anna målføretilfang: rim, regler, ordtak, lydbandutskrifter og materiale til ordtilfangsstudiar. Dessutan finst notat om ymse målføre; kopiar av eldre oppskrifter i UBO si manuskriptsamling er her òg. Til arkivet er det knytt ulike forskingsprosjekt. I åra 2000–2003 vert det t.d. utarbeidd målføregrammatikkar for einskildkommunar i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, og Møre og Romsdal på grunnlag av arkivmaterialet og nyare innsamlingar. Dei første dialektgrammatikkane vert lagde ut på Internett hausten 2002. Utgangspunktet for Målføresamlinga er det store tilfanget Torleiv Hannaas (1874–1929) samla inn frå vestlandske og egdske målføre. Hannaas byrja ved Bergens Museum i 1914, først som stipendiat i vestlandsk målgransking. Han samla inn ordtilfang og ein del stadnamn, men aller mest arbeidde han med å skriva ned folkedikting på målføre. Desse oppskriftene etter Hannaas er i dag nytta til eit tesaurus-ordregister. Hannaas skipa i 1921 Folkeminnesamlingi ved Bergens Museum, og han var styrar og einaste vitskaplege tilsett ved dette "instituttet". Etterfølgjaren hans ved Folkeminnesamlingi vart Gustav Indrebø (1889–1942), som arbeidde mest med stadnamnoppskriving. Olai Skulerud (1881–1963) – professor i vestnorsk målføregransking 1944–51 – var den neste som konsentrerte seg om målføreinnsamling. Han reiste mykje og skreiv opp systematisk etter Storms kortare ordliste, og han fekk andre til å skriva opp og senda inn materiale. Han bygde seg opp eit nett av heimelsfolk som han sende ut spørjelister til. Skulerud sette òg i gang arbeidet med å ekserpera ordsamlingar. I samarbeid med Norsk Ordbok og med støtte frå NAVF i 1950–51 blei fleire ordsamlingar skrivne ut, og med dublett til ordsamlinga her, som ved dette tiltaket auka med 1100 setlar. Ved utbygginga av Bergens Museum til Universitetet i Bergen fekk Folkeminnesamlinga fleire stillingar, og ho vart omgjord til Nordisk institutt. Materialarkiva vart etter kvart delte på tre samlingar, med éin amanuensis som ansvarleg for kvar. Folkeminnematerialet er seinare gått til Etno-folkloristisk institutt. Under Nordisk institutt ligg Stadnamnsamlinga og Målføresamlinga. Første amanuensen med ansvar for Målførsamlinga var Gunnvor Rundhovde (1918–1987). Ho var den daglege leiaren frå 1956. Ho samla inn svært mykje materiale frå Hordaland, og ho har arbeidd ut ein eigen synopsis for dialektane i dette fylket. I fem år frå 1954 til 1958 løyvde NAVF pengar til feltarbeid i samband med eit vestlandsk målføreprosjekt, som kom i gang etter initiativ frå professor Mikjel Sørlie. Hallfrid Christiansen utarbeidde Spørjeliste ved gransking av vestnorske målføre til dette føremålet, og studentar og lektorar gjode innsamlingsarbeidet. I 1953–54 byrja første fotokopieringa av tilfang frå Norsk målførearkiv i Oslo. Det galdt oppskrifter frå vestlandske målføre. Norsk Ordbok i samarbeid med Universitetet i Bergen og Noregs lærarhøgskule fekk i 1964–68 løyvingar frå NAVF til å kopiera ordsamlingar frå Norsk målførearkiv. Hit til Bergen kom kopi av materiale frå vestlandske målføre og "tilgrensande dialektar i dalane austpå", og dessutan samlingane etter Hallfrid Christiansen frå Nordland. 105.900 ordsetlar kom til samlinga ved dette prosjektet. I åra 1969–73 vert det samla inn terminologimateriale etter ei spørjeliste Gunnvor Rundhovde utarbeidde om ferdslevegar. Dette materiale er opphavet til samlinga "Ord og emne".
Ved lån av materiale - henvend dere til Språksamlingene: Språksamlingane@uib.no
Ved lån av materiale - henvend dere til Språksamlingene: Språksamlingane@uib.no Dr. Hans Dethloffs samling. Stadnamnmateriale frå 1920-, 1930- og 1940-åra. Arkivet består av tre arkivdeler, som var oppstilt sammen. Arkivdel 01 hadde en egen katalog. Serienavnene er derfor videreført. Kartserien har betegnelsen B, og korrespondanse har H. Det var ikke alle kartene (B-serien) som befant seg i arkivboksene før ompakking. Det er kun kartene vi har, som er katalogisert her. Hva som mangler fremgår av nummereringen av kartene. Arkivdel 02 utgjør hoveddelen av arkivet. Denne delen var ikke katalogisert på forhånd, og generelt arkivskjema er derfor fulgt slik at korrespondanseserien her får betegnelsen D. Arkivdel 03 inneholder private dokumenter. Deres begrensede omfang og varierte innhold er årsaken til at det ikke er etablert flere serier, men alt er samlet under Y.
Ved lån av materiale - henvend dere til Språksamlingene: Språksamlingane@uib.no Nemningane i katalogen er henta frå "Katalog over samlingane etter Øystein Frøysadal" Ordna og tilretelagt av Jarle Halveg. I katalogen heiter det: "Samling etter Øystein Frøysadal. Diverse materiale som Oddvar Nes henta heime hos fru Frøysadal ca. 1998. Ordna og registrert av Jarle Halveg i 1998 og 2011."
Ved lån av materiale - henvend dere til Språksamlingene: Språksamlingane@uib.no Gunvor Rundhovdes privatarkiv.
Ved lån av materiale - henvend dere til Språksamlingene: Språksamlingane@uib.no
Ved lån av materiale - henvend dere til Språksamlingene: Språksamlingane@uib.no
Ved lån av materiale - henvend dere til Språksamlingene: Språksamlingane@uib.no Møtepapir, korrespondanse mm.
Ved lån av materiale - henvend dere til Språksamlingene: Språksamlingane@uib.no Indrebøs samling
Ved lån av materiale - henvend dere til Språksamlingene: Språksamlingane@uib.no
Ved lån av materiale - henvend dere til Språksamlingene: Språksamlingane@uib.no
Ved lån av materiale - henvend dere til Språksamlingene: Språksamlingane@uib.no