Side 1 av ca 2 172 resultater
1900 - 1947
Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/1254-011

Valstyre for stortingsval vart oppretta for landkommunane i lov av 24.02.1900. Tidlegare hadde sokneprest og fut ansvaret for valforretningane og manntalet. Valstyret vart samansett av formannskapet og lensmannen, som var manntalsførar og lovbestemt formann i valstyret. Etter lov av 17.12.1920 kunne kommunestyret etter samtykke av fylkesmannen velja ein annan manntalsførar. Valforretningane vart førte i valprotokoll (valbok) for stortingsval. Manntalsførar skulle leggja fram utkast til manntal, som vart gjennomgått av manntalsnemnda før det vart lagt ut. Manntalsnemnda vart samansett av manntalsførar og to medlemer valde av og blant formannskapet. Manntalsnemnda sine forhandlingar vart førte i eiga møtebok. Etter at manntalet var lagt ut, kunne endringar berre gjerast etter vedtak i valstyret. Dersom valet vart gjennomført på meir enn tre ulike røystestader i kvar kommune, skulle valstyret oppnemna lokale røystestyre på tre medlemer for kvar krins. Røystestyra skulle føra eigen protokoll. Stortingsval vart halde kvart tredje år fram til 1938,då valperioden vart utvida til fire år. Valstyre for kommuneval vart innført ved endringar i lov av 27.07.1896. Valstyre skulle vera samansett av formannskapet og lensmannen, som var manntalsførar og lovbestemt formann i valstyret. Dersom kommunen var delt i fleire sokn, skulle kvart sokn ha eige valstyre. Denne ordninga sto ved lag fram til og med 1955. Manntal skulle utarbeidast av lensmannen saman med formannskapet (eller formennene i soknet). Frå 1901 skulle lensmannen utarbeide manntalet åleine. Manntalsførar skulle leggja fram utkast som vart gjennomgått av manntalsnemnda før det vart lagt ut. Manntalsnemnda vart samansett av manntalsførar og to medlemer valde av og blant formannskapet. Etter at manntalet var lagt ut, kunne endringar berre gjerast etter vedtak i valstyret. Dersom valet vart gjennomført på meir enn tre ulike røystestader i kvar kommune, skulle valstyret oppnemna lokale røystestyre på tre medlemer i kvar krins. Frå 1925 skulle kvar skulekrins halda eige valting. Røystestyra skulle føra eigen protokoll. Frå 1837 vart det halde kommunevalet annankvart år. Valperioden var fire år, slik at halvparten av formennene og representantane vart skifta ut ved kvart val. Kommunval vart halde kvart tredje år i frå 1896. Frå 1947 vart valperioden utvida til fire år.

1838 - 1964

Formannskapslovene av 14.01.1837 fastsette at det i kvart prestegjeld skulle opprettast ein kommune, som skulle styrast av eit formannskap og eit representantskap. Formannskap og representanskap skulle veljast kvar for seg, og det skulle vere tre gonger så mange representantar som formenn. I prestegjeld som var delt i fleire sokn skulle desse vala gjennomførast soknevis. Formannskapet skulle velja ordførar og varaordførar. Representantskapet hadde ingen funksjon åleine, men møtte saman med formennene etter innkalling frå formannskapet for å handsama saker om løyvingar til nye tiltak, kjøp og sal av eigedomar og andre viktige økonomiske saker. Dette fellesorganet vart seinare kalla heradstyre eller kommunestyre. Forhandlingane til formannskap og representantskap skulle refererast i formannskapet sin forhandlingsprotokoll. Det skulle og førast brevjournal og kopibok. Desse protokollane skulle autoriserast av amtmannen (fylkesmannen). I lov av 10.06.1938 vart bestemmelsane om føring av postjournal og kopibok tatt ut av lova. Medlemene av fattigkommisjonen og skulekommisjonen skulle tiltre formannskapet når fattigsaker og skulesaker vart behandla. Denne ordninga - dei kombinerte formannskapa - sto ved lag til 1845 for fattigstellet sin del.For skulestellet vart det kombinerte formannskapet oppheva av skulelova av 1860. I herad med soknedelt fattig- eller skulestell, skulle berre formenn frå det aktuelle soknet møta saman med kommisjonane. Ved lovendring av 14.06.1879 vart retten til å velja ordførar og varaordførar og til å gjennomføra revisjon og desisjon av kommunerekneskapa overført frå formannskapet til kommunestyret. Ordførar og varaordførar skulle framleis veljast blant formennene. Ved lov av 27.07.1896 vart valordninga endra slik at kommunestyret skulle veljast under eitt. Kommunestyret skulle så velja 1/4 av medlemene som formannskap, ordførar og varaordførar. Kommunelova av 30.09.1921 stadfesta den eksisterande ordninga med kommunestyre og formannskap og gav bestemmelsar om nye faste stillingar i kommunen, slik som heradskasserar og formannskapssekretær. Kommunen sin kompetanse har alltid vore rekna å vere negativt avgrensa. Kommunen kan setja i gang tiltak på alle andre område enn der det er lovbestemt at den ikkje kan gjera det. Frå 1921 fekk kommunestyret høve til å opprette utval for å løysa faste eller særlege oppgåver. Lova stadfesta også kommunestyret sin rett til å skipa kommunale verksemder og gav reglar for val av styre og revisjon av rekneskapa til desse. I lov av 7.12.1923 vart det bestemt at ein kommune som ikkje makta å innfri sine gjeldsforpliktelsar, kunne setjast under administrasjon av departementet. I midlertidig lov av 22.06.1928 vart desse bestemmelsane innskjerpa. Kommunen skulle styrast av eit administrasjonsstyre, samansett av ein representant frå kommunestyret og ein frå fordringshavarane, samt dei som vart oppnemnt av Kongen. Etter begge lovene skulle kommunestyre og formannskap halda fram i sine funksjonar, men utan rett til å gjera vedtak som kunne føra til utgifter for kommunen. Kommunestyret kunne likevel uttala seg i slike saker og anka vedtak av administrasjonsstyret inn for departementet. Kommunelova av 10.06.1938 førte ikkje med seg vesentlege endringar i kommunen si organisering og drift. Formannskapslovene gav amtmannen (fylkesmannen) rett og plikt til å godkjenna (approbere) vedtak som vart gjort av kommunestyret. Vedtak som hadde store økonomiske konsekvensar skulle approberast av Kongen. I 1921-lova vart dette endra slik at negative vedtak (utsetjing, avslag o.l.) ikkje trengde approbasjon. Denne ordninga sto ved lag fram til lov av 12.11.1954 avgrensa fylkesmannen si fullmakt til å underkjenna vedtak som låg utanfor kommunen sitt kompetanseområde eller vedtak i strid med gjeldande lov. Fylkesmannen skulle også godkjenna budsjettvedtak i kommunar som mottok skatteutjamningmidlar.

1851 - 1963

Rekneskapsføringa for kommunen sine kassar har utvikla seg frå eit system med særskilte rekneskap og rekneskapsførarar for dei enkelte kassane fram til eit felles rekneskap og ein felles kommunekasse/kommunekasserar (heradskasse/heradskasserar). By og land hadde ulike forskrifter for rekneskapsføringa. Utgreiinga nedanfor omhandlar landkommunane fram til 1942, då by og land fekk felles forskrift. Før 1837 førte skule- og fattigkommisjonen kvart sitt rekneskap, gjerne med presten som rekneskapsførar. Med formannskapslovene i 1837 vart ansvaret for rekneskapet til dei kommunale kassane lagt til formannskapet, og rekneskapsførarane og kasserarfunksjonane vart no lagt under formannskapet. Samstundes skulle formannskapet overta revisjon og desisjon (endeleg godkjenning) av rekneskapa. Kvart sokn kunne ha sin skule-, fattig- og soknekasse. I tillegg kunne det finnast andre kommunale kassar, som t.d. kyrkjekasse for den enkelte kyrkje, vegkasse og hamnekasse. Heradskassen skulle etter kvart dekkja andre kommunale utgifter. Det vart normalt ført separate rekneskap for dei ymse kassane, sjølv om kassane gradvis fekk ein og same rekneskapsførar. Budsjett og utlikning vart knytt nærare saman i 1860-åra, og gradvis fekk dei enkelte kassane felles rekneskapsprotokollar. Departementet gav nærare bestemmelser om rekneskapsføringa 15.11.1883. Kontoplanen vart innført, og det skulle førast eit kassarekneskap og eit nettorekneskap som synte verkelege inn- og utbetalingar. Desse bestemmelsane vart i prinsippet ståande til 1936 for landkommunane. Då kom det forskrifter som presiserte samanhengen mellom budsjett og rekneskap, og prinsippet om dobbel bokføring. I 1942 kom det nye forskrifter som vart felles for by- og landkommunane. Det kom endringar i 1958. Desse vart avløyste av nye forskrifter frå 01.01.1972. Med skattelovene av 1882 kom det viktige endringar i samband med oppkrevjing av skatt. Før den tid var det på landet fogden / lensmannen som krov inn matrikkelskatten. Dei andre skattane som vart utlikna på formue og næring, vart innbetalte til dei respektive rekneskapsførarane eller særskilte oppkrevjingsmenn ( t.d. skule- og fattigskatt). Vart ikkje skatten betalt, kunne den drivast inn ved utpanting, som vart utført av fogd / lensmann. No vart kommunkasseraren skatteoppkrevjar, og fekk rett til å føreta tvangsinndrivelse av kommuneskatten. Statsskatten vart frå 1892 utlikna saman med kommuneskatten, men først ved skattebetalingslova av 1952, gjort gjeldande frå 01.01.1957, vart kommunekasseraren oppkrevjar av statsskatten, og gjeve fullmakt til utpanting for alle skattekrava. Landkommunelova av 30.09.1921 fastsette at det skulle tilsetjast kommunekasserar (heradskasserar). I mindre kommunar vart denne stillinga ofte delt med ein halv stilling som formannskapssekretær. I arkiva vil det finnast rekneskapsmateriale, eller ekstraktar, frå dei ymse kassane i tida før 1882. Etter den tid vil det finnast meir samla for kommunekassen. Det er ført eige rekneskap for skatteoppkrevjinga. Dei ymse forskriftene har i stor grad vore retningsgjevande for utforminga av rekneskapsmateriale som finst i desse arkiva. Frå 2. halvår 1913 til 1. halvår 1960 vart budsjett-/rekneskapsåret ført frå 1.juli til 30. juni. Frå 1.januar 1961 er dette identisk med kalendaråret.

1826 - 1902
1826 - 1839

I tida 1741 -1790 vart det oppretta fattigkommisjonar i kvart stift. "Anordningen om Fattigvæsenet i Bergen stift", av 1755, oppretta ein overkommisjon og soknekommisjonar i kvart sokn. Kommisjonane hadde to hovudoppgåver: - å sørgje for at dei rette almisselemene (sjuke, gamle og dei som ikkje kunne klara seg sjølv) fekk hjelp - å straffa "late og ørkesløse betlere samt andre omstreifende egenrådige og udydige mennesker". Soknekommisjonen var samansett av presten, ev. kapellanen, lensmannen, presten sine medhjelparar og etter soknepresten sitt forslag - "af fogden beskikkede 2 sognemænd." Ved utgangen av kvart år skulle dei senda forståelege rekneskap til overkommisjonen i Bergen, saman med opplyningar om fattigvesenet. Dei fattige skulle halda seg i sitt eige sokn. Sokne-kommisjonen skulle dela dei almisseverdige inn i legder hos bøndene slik at dei fekk mat, drikke og husvære. Friske born og vaksne skulle vera med i arbeidet på garden. Dei som ikkje var bønder, skulle i staden betala pengar til fattigkassa. Til å halda sokna rydda for tiggarar og omstreifarar skulle soknekommisjonen oppnemna to bygdevektarar. I 1816 kom truleg endring i samansetninga: dei "af fogden beskikkede 2 sognemænd" vart erstatta av valgmenn. Formannskapslovene av 1837 oppretta det såkalte kombinerte formannskap, eller fattigformannskapet. Formannskapet fekk frå no ansvaret for fattigkommisjonen. Fattig-kommunen skulle antan tilsvara soknet som før 1837, eller heile formannskapsdistriktet. Når fattigsaker skulle handsamast, møtte fattigkommisjonen med unntak av dei folkevalde medlemene saman med formannskapet - ev. formennene frå det aktuelle soknet. Ved fattiglovene av 1845 forsvant overkommisjonane. På landet skulle fattig-kommisjonen bestå av presten som ordførar, og så mange valgte medlemer som formennene og kommunestyret bestemte. Dei viktigast oppgåvene var å setja opp budsjett og bestemma kven som skulle få kva slags støtte. Kommisjonen hadde rett til å fastsetja avgiftene på brennevin, vin og øl. Formenn og kommunestyret skulle saman med fattigkommisjonen dela fattigkommunen opp i underdistrikt og roder. Fattigkommisjonen skulle peika ut ein til-synsmann for fattigkommunen og ein rodemeistar for kvar rode. Om naudsynt kunne dei og tilsetja fattigvektarar/bygdevektarar. Dei fattige vart delt inn i tre klassar: 1) dei som ikkje kunne arbeida. 2) born. 3) dei som delvis kunne syta for seg sjølv og familien. Fattigkommisjonen skulle ha ein forhandlingsprotokoll, kopibok for utgåande brev og brevjournal. Kommisjonen kunne og føra manntallsprotokoll over fattiglemer og legdsprotokollar/legdsrullar. I landsfattiglova av 1863 var ikkje lenger presten sjølvskriven formann i fattig-kommisjonen, men var framleis medlem. Fattigkommisjonen skulle laga framlegg til budsjett som skulle godkjennast av kommunestyret, m.a. størrelsen på fattigkassa. Manntalls-protokollar over fattiglemmer vart påbode. Dei som ikkje tente tilstrekkeleg til eige eller familiens underhold kunne plasserast på fattiggardar. Fattiglova av 19.5.1900, gjaldt både by og land. For fattigforsorga og krinstilsynet skulle det utarbeidast eigne planar som departementet skulle godkjenna. Skiljet mellom dei ulike fattigklassane fall bort. "Fortegnelse over understøttede Trængende", som erstatta manntalsprotokollane vart påbode. I følgje 1900-lova skulle det nyttast trykte skjema til hjemstamnsforklaringer. Attestane som innflyttarane hadde med seg skulle vere utstedt av lensmannen. Legdsordninga fall no bort. Dei som mottok støtte frå fattigkassa mista ein del samfunnsretar: mellom anna fekk dei ikkje stemmerett før i 1919. Ved lov av 1948 endra fattigstyre namn til forsorgsstyre. Ved nyorganisering ved lov om sosial omsorg av 5.6.1964 - gjaldt både by og land - vart forsorgsstyret no til sosialstyret.

I Formannskapslova av 1837 står det i § 20 at « når en sak utelukkende angår et enkelt sogn eller enkelte sogne, skal kun de formenn eller representantar som dertil henhører, delta i stemmegivningen derover, men saken foredrages av formennenes ordfører, om enn ikke denne har stemme deri ” I formannskapslova sin § 2 står det at det skal vera soknevise val på formenn og representantar. Slik vert kyrkjesokna heimla som soknekommune i formannskapslova, som såleis gav heimel både til formannskapsdistrikt/heradskommunar og soknekommunar. Kvar heradskommune kunna ha fleire soknekommunar, som vart leia av soknestyre. Soknekommunane var heilt sjølvstendige kommunar, og hadde bevilgningsrett i dei sakene dei kunne ha føre seg. I 1837 var soknekommunen tiltenkt ei beskjeden rolle, og då vesentleg i samband med kyrkjeforvaltninga. Kyrkjene vart ikkje kommunal eigedom før ved lova om kyrkje og kyrkjegardar av 1897 . Soknestyre måtte syta for inntekt og vedlikehald av kyrkjene. Det var eigen kyrkjekasse i sokna. Etter kvart vart det ved lover høve til å leggja viktige forvaltningsområde inn under soknekommunen. Fattiglova av 1863, skulelova av 1889, anlegg og vedlikehald av bygdevegar, lov om kyrkjeforvaltning. Soknekommunen kunne ta opp mange saker, slik som el.forsyning, vassforsyning, utbygging av telefonnettet,ymse helsetiltak og utbygging av gamleheimar. Soknestyret vedtok sitt eige budsjett, og kunne etter landskattelova § 133 krevja inn skatt, dersom heradsstyret godkjende dette. Landkommunelova av 1921 opprettheldt soknekommunane og det same gjorde landkommunelova av 1938. Lovene bestemte at soknekommunane skulle ivarta saker som var lovheimla og saker som allereie var dei enkelte soknekommunane sitt ansvar. Det er store variasjonar frå heradskommune til heradskommune med omsyn til utbyggingsnivået av soknekommunane. Det var mange tilhøve som spelte inn her. Det var lange avstandar innanfor prestegjeldet. Fjell og fjord måtte kryssast, og kommunikasjonane var dårlege. Det stod fritt opp til heradskommunen korleis dei ikkje lovpålagte oppgåvene kunne løysast av den enkelte soknekommune. Mange av soknekommunane søkte om å verta eigne heradskommunar. Då soknekommunane ved lov av 15.12.1950 vart oppheva frå 01.07.1951 vart soknedelt kyrkjeforvaltning oppretthalden. Utbyggingsnivået av soknekommunane avspeglar seg sjølvsagt i arkiva frå den enkelte kommune, både i innhald og mengde. Protokoll frå møta i soknestyra kan vera ført inn i møteboka for formannskap/heradstyre, eller det kan vera ført eigne møtebøker. Det vil finnast kopibøker, brevjournalar, korrespondanse/saksarkiv og tilvisningsprotokollar for rekningar. Ved heradskassen vil det som oftaste finnast arkiv etter dei enkelte soknekommunekassane.

I Formannskapslova av 1837 står det i § 20 at « når en sak utelukkende angår et enkelt sogn eller enkelte sogne, skal kun de formenn eller representantar som dertil henhører, delta i stemmegivningen derover, men saken foredrages av formennenes ordfører, om enn ikke denne har stemme deri ” I formannskapslova sin § 2 står det at det skal vera soknevise val på formenn og representantar. Slik vert kyrkjesokna heimla som soknekommune i formannskapslova, som såleis gav heimel både til formannskapsdistrikt/heradskommunar og soknekommunar. Kvar heradskommune kunna ha fleire soknekommunar, som vart leia av soknestyre. Soknekommunane var heilt sjølvstendige kommunar, og hadde bevilgningsrett i dei sakene dei kunne ha føre seg. I 1837 var soknekommunen tiltenkt ei beskjeden rolle, og då vesentleg i samband med kyrkjeforvaltninga. Kyrkjene vart ikkje kommunal eigedom før ved lova om kyrkje og kyrkjegardar av 1897 . Soknestyre måtte syta for inntekt og vedlikehald av kyrkjene. Det var eigen kyrkjekasse i sokna. Etter kvart vart det ved lover høve til å leggja viktige forvaltningsområde inn under soknekommunen. Fattiglova av 1863, skulelova av 1889, anlegg og vedlikehald av bygdevegar, lov om kyrkjeforvaltning. Soknekommunen kunne ta opp mange saker, slik som el.forsyning, vassforsyning, utbygging av telefonnettet,ymse helsetiltak og utbygging av gamleheimar. Soknestyret vedtok sitt eige budsjett, og kunne etter landskattelova § 133 krevja inn skatt, dersom heradsstyret godkjende dette. Landkommunelova av 1921 opprettheldt soknekommunane og det same gjorde landkommunelova av 1938. Lovene bestemte at soknekommunane skulle ivarta saker som var lovheimla og saker som allereie var dei enkelte soknekommunane sitt ansvar. Det er store variasjonar frå heradskommune til heradskommune med omsyn til utbyggingsnivået av soknekommunane. Det var mange tilhøve som spelte inn her. Det var lange avstandar innanfor prestegjeldet. Fjell og fjord måtte kryssast, og kommunikasjonane var dårlege. Det stod fritt opp til heradskommunen korleis dei ikkje lovpålagte oppgåvene kunne løysast av den enkelte soknekommune. Mange av soknekommunane søkte om å verta eigne heradskommunar. Då soknekommunane ved lov av 15.12.1950 vart oppheva frå 01.07.1951 vart soknedelt kyrkjeforvaltning oppretthalden. Utbyggingsnivået av soknekommunane avspeglar seg sjølvsagt i arkiva frå den enkelte kommune, både i innhald og mengde. Protokoll frå møta i soknestyra kan vera ført inn i møteboka for formannskap/heradstyre, eller det kan vera ført eigne møtebøker. Det vil finnast kopibøker, brevjournalar, korrespondanse/saksarkiv og tilvisningsprotokollar for rekningar. Ved heradskassen vil det som oftaste finnast arkiv etter dei enkelte soknekommunekassane. Samfunnsplassering: Samfunnssektor: Kommune Aktørtype: Forvaltningsorgan Forvaltningsnivå: Sentralorgan Forvaltningsområde: Finanser, økonomi, statistikk, folkeregister Kjønn: Ikke satt Tilknyttede arkivenheter: IKAH/1254-122.3 Hamre kommune. Alversund sokn kyrkjekasse , 1871 - 1883, (arkivskaper) Tilknyttede aktører: Tilknyttede aksesjoner: Tilknyttede tilvekster: Annet: Opprettet av: TRH Opprettet dato: 10 - 17 - 2019