Formannskapslovene av 14.01.1837 fastsette at det i kvart prestegjeld skulle opprettast ein kommune, som skulle styrast av eit formannskap og eit representantskap. Formannskap og representanskap skulle veljast kvar for seg, og det skulle vere tre gonger så mange representantar som formenn. I prestegjeld som var delt i fleire sokn skulle desse vala gjennomførast soknevis. Formannskapet skulle velja ordførar og varaordførar. Representantskapet hadde ingen funksjon åleine, men møtte saman med formennene etter innkalling frå formannskapet for å handsama saker om løyvingar til nye tiltak, kjøp og sal av eigedomar og andre viktige økonomiske saker. Dette fellesorganet vart seinare kalla heradstyre eller kommunestyre. Forhandlingane til formannskap og representantskap skulle refererast i formannskapet sin forhandlingsprotokoll. Det skulle og førast brevjournal og kopibok. Desse protokollane skulle autoriserast av amtmannen (fylkesmannen). I lov av 10.06.1938 vart bestemmelsane om føring av postjournal og kopibok tatt ut av lova. Medlemene av fattigkommisjonen og skulekommisjonen skulle tiltre formannskapet når fattigsaker og skulesaker vart behandla. Denne ordninga - dei kombinerte formannskapa - sto ved lag til 1845 for fattigstellet sin del.For skulestellet vart det kombinerte formannskapet oppheva av skulelova av 1860. I herad med soknedelt fattig- eller skulestell, skulle berre formenn frå det aktuelle soknet møta saman med kommisjonane. Ved lovendring av 14.06.1879 vart retten til å velja ordførar og varaordførar og til å gjennomføra revisjon og desisjon av kommunerekneskapa overført frå formannskapet til kommunestyret. Ordførar og varaordførar skulle framleis veljast blant formennene. Ved lov av 27.07.1896 vart valordninga endra slik at kommunestyret skulle veljast under eitt. Kommunestyret skulle så velja 1/4 av medlemene som formannskap, ordførar og varaordførar. Kommunelova av 30.09.1921 stadfesta den eksisterande ordninga med kommunestyre og formannskap og gav bestemmelsar om nye faste stillingar i kommunen, slik som heradskasserar og formannskapssekretær. Kommunen sin kompetanse har alltid vore rekna å vere negativt avgrensa. Kommunen kan setja i gang tiltak på alle andre område enn der det er lovbestemt at den ikkje kan gjera det. Frå 1921 fekk kommunestyret høve til å opprette utval for å løysa faste eller særlege oppgåver. Lova stadfesta også kommunestyret sin rett til å skipa kommunale verksemder og gav reglar for val av styre og revisjon av rekneskapa til desse. I lov av 7.12.1923 vart det bestemt at ein kommune som ikkje makta å innfri sine gjeldsforpliktelsar, kunne setjast under administrasjon av departementet. I midlertidig lov av 22.06.1928 vart desse bestemmelsane innskjerpa. Kommunen skulle styrast av eit administrasjonsstyre, samansett av ein representant frå kommunestyret og ein frå fordringshavarane, samt dei som vart oppnemnt av Kongen. Etter begge lovene skulle kommunestyre og formannskap halda fram i sine funksjonar, men utan rett til å gjera vedtak som kunne føra til utgifter for kommunen. Kommunestyret kunne likevel uttala seg i slike saker og anka vedtak av administrasjonsstyret inn for departementet. Kommunelova av 10.06.1938 førte ikkje med seg vesentlege endringar i kommunen si organisering og drift. Formannskapslovene gav amtmannen (fylkesmannen) rett og plikt til å godkjenna (approbere) vedtak som vart gjort av kommunestyret. Vedtak som hadde store økonomiske konsekvensar skulle approberast av Kongen. I 1921-lova vart dette endra slik at negative vedtak (utsetjing, avslag o.l.) ikkje trengde approbasjon. Denne ordninga sto ved lag fram til lov av 12.11.1954 avgrensa fylkesmannen si fullmakt til å underkjenna vedtak som låg utanfor kommunen sitt kompetanseområde eller vedtak i strid med gjeldande lov. Fylkesmannen skulle også godkjenna budsjettvedtak i kommunar som mottok skatteutjamningmidlar.

Rekneskapsføringa for kommunen sine kassar har utvikla seg frå eit system med særskilte rekneskap og rekneskapsførarar for dei enkelte kassane fram til eit felles rekneskap og ein felles kommunekasse/kommunekasserar (heradskasse/heradskasserar). By og land hadde ulike forskrifter for rekneskapsføringa. Utgreiinga nedanfor omhandlar landkommunane fram til 1942, då by og land fekk felles forskrift. Før 1837 førte skule- og fattigkommisjonen kvart sitt rekneskap, gjerne med presten som rekneskapsførar. Med formannskapslovene i 1837 vart ansvaret for rekneskapet til dei kommunale kassane lagt til formannskapet, og rekneskapsførarane og kasserarfunksjonane vart no lagt under formannskapet. Samstundes skulle formannskapet overta revisjon og desisjon (endeleg godkjenning) av rekneskapa. Kvart sokn kunne ha sin skule-, fattig- og soknekasse. I tillegg kunne det finnast andre kommunale kassar, som t.d. kyrkjekasse for den enkelte kyrkje, vegkasse og hamnekasse. Heradskassen skulle etter kvart dekkja andre kommunale utgifter. Det vart normalt ført separate rekneskap for dei ymse kassane, sjølv om kassane gradvis fekk ein og same rekneskapsførar. Budsjett og utlikning vart knytt nærare saman i 1860-åra, og gradvis fekk dei enkelte kassane felles rekneskapsprotokollar. Departementet gav nærare bestemmelser om rekneskapsføringa 15.11.1883. Kontoplanen vart innført, og det skulle førast eit kassarekneskap og eit nettorekneskap som synte verkelege inn- og utbetalingar. Desse bestemmelsane vart i prinsippet ståande til 1936 for landkommunane. Då kom det forskrifter som presiserte samanhengen mellom budsjett og rekneskap, og prinsippet om dobbel bokføring. I 1942 kom det nye forskrifter som vart felles for by- og landkommunane. Det kom endringar i 1958. Desse vart avløyste av nye forskrifter frå 01.01.1972. Med skattelovene av 1882 kom det viktige endringar i samband med oppkrevjing av skatt. Før den tid var det på landet fogden / lensmannen som krov inn matrikkelskatten. Dei andre skattane som vart utlikna på formue og næring, vart innbetalte til dei respektive rekneskapsførarane eller særskilte oppkrevjingsmenn ( t.d. skule- og fattigskatt). Vart ikkje skatten betalt, kunne den drivast inn ved utpanting, som vart utført av fogd / lensmann. No vart kommunkasseraren skatteoppkrevjar, og fekk rett til å føreta tvangsinndrivelse av kommuneskatten. Statsskatten vart frå 1892 utlikna saman med kommuneskatten, men først ved skattebetalingslova av 1952, gjort gjeldande frå 01.01.1957, vart kommunekasseraren oppkrevjar av statsskatten, og gjeve fullmakt til utpanting for alle skattekrava. Landkommunelova av 30.09.1921 fastsette at det skulle tilsetjast kommunekasserar (heradskasserar). I mindre kommunar vart denne stillinga ofte delt med ein halv stilling som formannskapssekretær. I arkiva vil det finnast rekneskapsmateriale, eller ekstraktar, frå dei ymse kassane i tida før 1882. Etter den tid vil det finnast meir samla for kommunekassen. Det er ført eige rekneskap for skatteoppkrevjinga. Dei ymse forskriftene har i stor grad vore retningsgjevande for utforminga av rekneskapsmateriale som finst i desse arkiva. Frå 2. halvår 1913 til 1. halvår 1960 vart budsjett-/rekneskapsåret ført frå 1.juli til 30. juni. Frå 1.januar 1961 er dette identisk med kalendaråret.
By og land hadde ulik utlikning av skatt like fram til 1975, då skattelova vart lik for by og land. Utgreiinga nedanfor er gjort utifrå skattelovene for kommunane på landsbygda i tida 1837 til 1965, då administrasjonen av likninga vart overført til staten. Formannskapslovene gjorde at kommunane vart sjølvstendige i økonomiske saker, men hadde ingen bestemmelsar om skatt. Tidlegare praksis ved utlikning og innkreving av skatt heldt difor fram som før 1837. Dei generelle utgiftene til kommunane vart dekte gjennom refusjonar av den statlege martrikkelskatten. Utgifter til skule- og fattigstellet vart dekte gjennom skattar utlikna av skule- og fattigkommisjonane. Skulekommisjonen hadde ansvaret for utlikninga av skuleskatten fram til lov av 16.06.1860 overførte denne retten til kommunestyret eller ein likningskommisjon valt av kommunestyret. Fattiglova av 6.06.1863 gjorde tilsvarande endring for fattigskatten. Fattiglova fastsette og at det skulle veljast ein eigen overlikningskommisjon for å handsama klager på likninga. Skattelovene av 15.04.1882 innførte ein felles kommuneskatt, som skulle utliknast av likningskommisjonen på grunnlag av eigedom, inntekt og formue. Det kunne og opprettast overskattekommisjon til å handsama saker for skatteytarar busette utanfor kommunen. Etter lov av 30.05.1891 kunne det opprettast eigne likningskommisjonar for kvart sokn. Ved lov av 29.06.1892 vart likningskommisjonen tillagt ansvaret for utlikninga av statsskatt. Likningskommisjonen og overlikningskommisjonen endra ved lov av 18.08.1911 namn til likningsnemnd og overlikningsnemnd. Overskattekommisjonen vart då erstatta av ei serskild klagenemnd. Framleis kunne det vera serskilde likningsnemnder i dei enkelte sokna. Skattelova av 1911 gav allmenn plikt til å levera sjølvmelding og næringsoppgåver, og utlikninga av skatten skulle no byggja på desse. 1911-lova innførte ei ordning med likningsråd som skulle gjennomgå sjølvmeldingane. I byane var dette pålagt, medan det på landet var frivillig. Der det ikkje vart oppretta likningsråd, skulle likningsnemnda ha desse funksjonane. Likningsrådet hadde avgjerande myndigheit når det galdt handsaming av sjølvmeldingane og utlikning av skatten. Etter lov av 15.02.1935 skulle ein der det ikkje fanst likningsråd, oppretta eit likningsutval til å ta førebels handsaming av sjølvmeldingar og næringsoppgåver. Formannen i likningsnemnda skulle vera formann i likningsutvalet. Likningsutvalet sitt arbeid hadde meir karakter av tilrettelegging for likningsnemnda, som så avgjorde utlikninga etter sjølvmeldingane. Likningsrådet og likningsutvalet vart avskaffa ved lov av 30.06.1955. Denne lova oppretta eit serskilt takstutval for jord og skogbrukseigedomar og eit for andre eigedommar. Lov av 10.07.1936 gav påbod om å ha fast tilsett forretningsførar for likningsvesenet. Ved lov av 1950 vart all saksførebuing tillagt likningssjefen. Frå 1957 vart skatteinnkrevjinga lagt om, slik at dei fleste kom til å betale skatt av årets inntekt (forskotsskatt). Tidlegare vart skatten betalt etterskotsvis. Arkiva etter likningsvesenet vil innehalda forhandlingsprotokollar (møtebøker) etter likningskommisjonen og dei andre organa, kopibøker og brevjournalar. Likningsprotokollar, som viser utlikninga av skatten, er den mest omfattande arkivserien. I dei første åra kan likninga vere innført i møtebøkene. Frå 1892 kom opplysningar om statsskatt med i likningsprotokollane, ofte ført i eigne protokollar for kommuneskatt og statsskatt. Kladdelistene kan vera tekne vare på. Desse inneheld sjølve likningsutrekninga og har detaljerte opplysningar frå sjølvmelding/næringsoppgåver. Sjølvmeldingane er som oftaste kasserte. Det vil som regel i liten grad vera bevart anna korrespondanse.
Grunnlaget for utviklinga av det moderne skulestellet vart lagt ved skuleforordninga av 1739, som fastsette innhaldet i undervisninga i skulane. Denne vart følgd opp av skuleplakaten av 1741, som fastsette at amtmannen og prosten skulle samla fire av dei "beste menn" i kvart prestegjeld, soknepresten og hans kapellanar. I fleire prestegjeld deltok dei fire "beste menn" frå kvart sokn. Denne skulekommisjonen skulle utarbeida ein plan for organiseringa av undervisninga i prestegjeldet og setja opp budsjett for skulestellet og utlikna skuleskatt på innbyggjarane. Dette dokumentet vert ofte kalla "skulefundas". For kvart sokn skulle kommisjonen peika ut ein eller fleire menn til å krevja inn skuleskatten og føra rekneskap for soknet si skulekasse. I 1816 vart samansetjinga av skulekommisjonen endra til å omfatte presten, hans medhjelparar, lensmannen og prestegjeldet sine valmenn. Skulelova for landet av 1827 bygde i det vesentlege på forordninga og plakaten, men det vart sett minimumskrav til utbyggjinga av skulestellet. Skulekommisjonen kunne fastsetja talet på skuledistrikt og omgangsroder, likna ut skuleskatt og påleggja dei med matrikulert jord å ta i mot omgangskulen. Kommisjonen kunne og be regjeringa om fritak frå lovpåbodet om fast skule ved hovudkyrkja. I 1834 vart det utarbeida skuleplanar for dei einskilde stifta med instruks for lærarane. Formannskapslovene av 1837 la skulen sin økonomi under formannskapet. Når det vart handsama saker om skulen, skulle kommisjonen (med unntak av dei folkevalde medlemene) tiltre formannskapet. Dette organet vart kalla kombinert formannskap eller skuleformannskap. Formannskapet skulle tilsetje rekneskapsførar for skulekassa. Kvart sokn kunne etter formannskapslova ha sin eigen skulekommisjon, eller den kunne vere felles for formannskapsdistriktet. Landsskulelova av 1860 fastsette at eit formannskapsdistrikt i regelen skulle utgjera ein skulekommune. Eksisterande ordningar skulle likevel halda fram til kommune/soknestyret gjorde vedtak om å endra dette. Med samtykke frå Kongen kunne det likevel opprettast nye skulekommunar i einskilde sokn. Skulekommisjonen skulle vera samansett av presten, residerande kapellan, ein representant for lærarane, ordføraren i formannskapet og så mange kommunalt valde medlemer som kommunestyret bestemte. Soknepresten var lovbestemt formann i kommisjonen. Skulekommisjonen skulle laga framlegg til skulebudsjett og leggja dette fram for formannskapet og dela skulekommunen inn i skulekrinsar. Presten hadde møterett i formannskap og kommunestyre under behandlinga av skulesaker. Folkeskulelova av 1889 fastsette at ein heradskommune kunne delast i fleire skulekommunar. Lova innførte namnet skulestyre og gjorde presten til vanleg medlem av skulestyre. Formannen skulle no veljast fritt mellom medlemene. Samstundes erstatta skuledirektøren stiftsdireksjonen som overordna organ for det kommunale skulestellet. Skulelova påla skulestyra å utarbeida kommunale skuleplanar. For landsskulen utarbeidde departementet i samråd med skuledirektørane eit utkast til skuleplan som skulle vera retningsgjevande for skulestyra som eit tillegg til landsskulelova. Skulestyret fekk rett til å tilsetja lærarar. Skulelova av 1936 fastsette at alle skulekrinsar skulle vere representerte av dei medlemene kommunestyret valde til skulestyret. Ordføren eller ein annan formannskapsmedlem skulle vere medlem av skulestyret. Skulestyret fekk rett til å tilsetja skulestyrarar og skuleinspektør for kommunen. Skulelova av 1959 var felles for by og land. Skulestyret skulle i sin heilskap veljast av kommunstyret. Alle kommunar skulle ha eit skuleråd og alle skular lærarråd. Kommunen fekk plikt til å tilsetja skuleinspektør.