Side 11 av ca 471 resultater
1682 - 1900

Slektsbok om Wiborg-slekta frå 1682 til 1900. Boka gjeven som gåve til arkivet av forfattaren 13.10.1995.

1982 - 1994

Laget var skipa 08.03.1982 Ola Grøsland var første formannen. - Brevbytte 1982-1994 Materialet vart deponert i arkivet av Berit Fiksdal 01.11.1995.

- Kart over kraftanlæg ved Prestfossen i Bøvra, Lom. - Plan for regulering av Høidalsvand 1915. Materialet låg i papira etter Torstein Brustugun, Lom - far til Kari Brustugen Vole, som gav materialet til arkivet 05.07.1995.

1645 - 1974

Gardshistorie for Tofte, Dovre 1645-1974. Prenta bok. Forfattaren er arkitekt og fekk i 1965 i oppdrag av Riksantikvaren å leie restaureringsarbeidet på det store steinfjoset på garden. Han samla daopplysningar om garden frå mange kjelder. Boka er gjennomillustrert med bilete, kart og teikningar av tun og hus. Boka er trykt i Oslo i 1974. Boka låg i samlingane til Vågå Historielag, og vi veit ikkje sikkert når ho kom hit. Ved systematisering av laget si boksamling fann vi det rettast å gje denne boka arkivnummer og plass i katalogen.

1749 - 1994

Forfattaren, med bestemor frå Vågå, har budd både i Gausdal og Molde, og bur no i Oslo. Han har teke utgangspunkt i ordlister som Edvard Storm skreiv ned. Dei orda (adjektiva) har han følgt utviklinga av fram til den yngste generasjonen vagværer. - "Ord og år" - Adjektiv frå 1700-talet hos tre generasjonar vagværer i 1990-åra. Hovudoppgåve i nordisk, UiO hausten 1994. Oppgåva vart gjeve som gåve til arkivet av forfattaren, som brukte arkivtilfang hos oss i arbeidet.

1150 - 1575

Forfattaren var nokre år tilsett som bygdebokforfattar for Vågå og Sel. Han er spesialist på middelalderhistorie. - Personnamn frå Vågå og Lom i tiden 1150-1350. (Semesteroppgave i norrøn filologi 1985 - 30 sider) - Hvem var Hvem. Gudbrandsdøler 1200-1570. 70 sider - Alfabetisk liste over gudbrandsdøler 1528-1575. 26 s.

1852 - 1893

Mølmen var fødd på Lesjaskog i 1830. Han tok over farsgaden Mølmen i 1830. - Opptegnelser og erindringer m.m. - Bygdehistorie frå Lesja. Ole O. Mølmen, oldebarn til arkivskaparen, har bokmerket sitt i boka. Han var ordførar i Lesja. Boka låg i samlingane til Vågå Historielag, men det går ikkje fram om det er den sist nemnde Ole Mølmen som har gjeve boka til historielaget. Da vi ordna boksamlinga til laget, fann vi det rettast og gje boka arkivnummer og plass i katalogen.

1550 - 1984

Christian Emil Lee var fødd på bruket Sveen i Heidal 19.08.1899. Han emigrerte til Amerika saman med familien sin i 1906. Han dreiv som handverkar i Crisby, Nord Dakota. - Our Family Roots - The Leeand Mork Families. Slektsbok frå USA og Gudbrandsdalen. Boka er ført i pennen av søstersonen, Joseph C. Linnertz, etter som Christian var svært svaksynt i mange år. Boka vart gjeve til arkivet i 1980-åra av Olav Råstad.

1800 - 1984

Ivar Eikrem var fødd 10.08.1898. Han var stortingsmann for Møre og Romsdal 1954-65. Han besøkte Norddalsarkivet først på 1980-talet og fekk opplysningar om ætterøtene i Sel. Dette er komme med i boka. Eikrem budde på Aukra. - "Grandmother's and grandfather's ancestors and descendants - Rone and Krogness families in America. Slektshistorie frå USA og Noreg. Forfaren Hans Christensen kom frå Kleivrud, Sel, og flytta nord til Rindal etter storofsin i 1789, som etter familietradisjonen øydela stordelen av jorda på garden. Boka gjeve som gåve til arkivet av forfattaren i 1985.

1325 - 1992

Ivar Råstad var fødd i Vågå 13.12.1917. Han var fylkesagronom og budde på Gjøvik. - Svare-slekta. Etterkommarar etter Ivar Torsen og Mari Andersdatter Svare - og andetavlene deira. Slektstavler, bilete og kart. 20 sider stensilert hefte. Gåve til arkivet frå forfattaren i 1995.

Arkiv-ikon
Sti:
1177 - 1920

Otto Bakke var fødd i Grevrusten (Bakke) i 1894. Han arbeidde på kontoret i Vegvesenet. Han var ein dyktig teiknar og målar. Han hadde støtt med seg skisseblokka og teikna portrett og dyremotiv. Handøydde i 1959. - Sandbu, Gjæslingætten. Handskrive gards- og slektshistorie for Sandbu, Vågå - handkolorert og kaliografert. "Til Vaagaa Historielag. Denne utredning om Gjæslingætten og bertningenom Sandbusridderen har jeg hentet fra en haandskreven bok jherom av general J.H.Rye. Vaagaa den 20de april 1934."

1860 -

Dr. Crotch var engelskmann som kom til Vågå som Eardley John Blackwells livlege. Nokre år etter Blackwells død gifta Crotch seg med enka, Mari, fødd Sve. Crotch fullførte oppbygginga av det store hovudhuset på Klones og bygde også andre nye hus på garden. Da Mari døydde i i 1895, flytta Dr. Crotch tilbake til England. Han var ein ivrig amatør-kunstmålar, og særleg har han laga mange fine akvarellar. På Klones heng ein akvarell av han. - Eit album med 22 originale akvarellar frå Klones og landskapet omkring. (Det er fleire blanke sider i albumet med spor etter biletfeste, så det må ha vore fleire akvarellar i albumet). Albumet har Simen Wolrath's ex libris merke på innsida av permen. Det må ha komme som gåve til historielaget saman med det andre arkivmaterialet og boksamlinga etter Wolrath.

Hans Hansson Torstuen var fødd i Torstugun i Holungsøyen 07.11.1859. Ved folketeljinga i 1900 bur han på plassen saman med foreldra, kone og dotter. - Fortelling fra gammelt 1927. Om folk og hendingar i Holungsøyen i gamle dagar. Manuskript - 24 små sider på doble brevark. Mauskriptet låg i samlinga til Vågå Historielag, som vart deponert i arkivet etter Olav Råstad av døtrene hans, Magnhildog Ågot 18.08.1982.. Simen Wolrath har skrive "Hans Torstuen 1937" utanpå konvolutten det låg i.

1654 - 1857

Megarden og nordre Snerle vart samla til ein gard i 1798 da Tord Gulbrandson kjøpte begge gardane av faren og onkelen. Det er ført arkivliste med 23 nummer. Dokumenta låg i skrina som Magnhild og Ågot Råstad deponerte i arkivet etter faren, Olav Råstad, 18.08.1992. Det var delar av arkivet til Vågå Historielag med papir etter Ivar Kleiven og Simen Wolrath m.m.

1886 -

Tvist om betaling av gjeld - Rasmus Mallaug til Kristen Øverbø 1886 - 56 sider. Dokumentet låg i ei mappe med saker som gjaldt Langmorkje almennin g og Ellingsbø i Heidal. Det kan ha vore i dr. Bosses eige, etter som han åtte Ellingsbø ei tid. Mappa vart levert i arkivet av Vågå Historielag i august 1993.

1898 - 1917

- Føderådskontrakt 1898 - Odelstakst 1913 - Utskrift branntakstprotokoll 1909 - Fleire dokument om skostakst på Ellingsbø 1909-1913 - Fleire dokument om skattelikninga for garden 1917 Dr. Bosse kjøpte Ellingsbø og Steinfinnsbø av Caspar Landaasen i 1917. Dokumenta låg i ei mappe saman med papir frå Langmorkje almenning. Mappa var deponert i arkivet av Vågå Historielag. På eit konvoluttomslag står namnet Gudlaug Råstad, Vikenvn. 13, 2800 Gjøvik. Ho kan ha vore svigerinna til Olav Råstad, formann i historielaget som let etter seg mykje arkivtilfang for historielaget.

1798 - 1845

- Skifteregister 1798 - Rettssak 1804 - Kvittering 1811 - Skjøte 1811 - Skattebok 1834 - Skifteregistrering 1835 - Pantebrev 1840 - Sak om føderåd 1842 - Skjøte 1845 - Brev 1847 Mappa med gardsarkivet låg i kassane som Ågot og Magnhild Råstad deponerte i arkivet etter faren, Olav Råstad, 18.08.1992 - som delar av samlingane til Vågå Historielag. Kjølstad-dokumenta har vore lese og registrert av Martinus Høgåsen, for hans handskrift er på fleire vedlegg.

1860 - 1862

- Makeskifte om Engum 1860 - avskrift. - Stemning til å møte i retten 1862 - Dom i forlikskommisjonen om gjeld 1862 - Panteattest 1862 Dokumenta låg i dei skrina som Magnhild og Ågot Råstad deponerte i arkivet 18.08.1992 etter faren Olav Råstad - som delar av samlingane til Vågå Historielag.

1863 -

- Utskrift av offentleg auksjon 1863 Dokumentet låg i skrina som Magnhild og Ågot Råstad deponerte i arkivet 18.08.1992 etter faren Olav Råstad som delar av samlingane til Vågå Historielag.

1848 -

- Avskrift av offentleg auksjon 1849. Dokumentet låg i skrina som Magnhild og Ågot Råstad deponerte i arkivet 18.08.1992 etter faren Olav Råstad som delar av samlingane til Vågå Historielag.