1688 - 1992

Den store brannen i Molde 16. januar 1916 kom også til å øydeleggja sorenskrivarkontoret. Det lukkast å berga det meste av dei verdfulle arkivsakene, men ein del gjekk tapt. Det var tapet av panteregistra som vart mest merkbart. Men denne skaden var ikkje uoppretteleg ettersom pantebøkene var intakte. Ved embetskontoret byrja ein snart etter å arbeida ut nye register, først på kort, seinare overførte i protokollar. Og det er desse rekonstruerte registerprotokollane som er i bruk ved statsarkivet i dag. Uoppretteleg var derimot tapet av justis- og ekstrarettsprotokollar og skifteprotokollar, alle for eit tidsrom på mest 60 år, dvs. fra ca. 1850-1905, eller litt lenger. Alle kontrabøkene for skiftevesenet gjekk også opp i eld. I samband med nedlegginga av Molde byfutembete overtok sorenskrivaren i Romsdal dommar-, tinglysings- og skifteforvaltarfunksjonane til den tidlegare byfuten. M. o. t. protokollføringa heldt ein likevel fram med serskilte pantebøker for Molde by i mest tjue år. Frå og med 1936 gjekk ein ved embetet over til å føra berre ei pantebok for heile embetsdistriktet, slik ein hadde gjort med retts- og skifteprotokollane alt frå 1917/1918.

Tilhører
Arkivinstitusjoner:
Arkiv:
SAT-A-4149 - Romsdal sorenskriveri

Aktører

For spørsmål om denne arkivenheten vennligst ta kontakt med:

Andre
Publisert:
8. des. 2023