Arkivet etter stiftamtmannen i Bergen er på 222 hyllemeter og dekkjer tidsrommet frå Bergensbrannen i 1702til embetet vart avskipa i 1918. Av 1600-tallssaker er det att berre små restar. Til arkivet har vi ei rekkje registraturar 1770-1828 som held høg standard (l. nr. 2203-2208), og siste gjennomgåande ordning av arkivet var gjort i 1828. Seinare ordning og etikettering har ikkje halde mål, det har gjort at ein stor del av arkivet var vanskeleg tilgjengeleg. Ordninga er no i større grad bygt på dei eldre registraturane, likevel slik at vi har skapt samanhengande rekkjer utan brot for kvar ny stiftamtmann. Her vil framleis vere inkonsekvensar, spesielt bør brukarane vere merksam på følgjande: - Skiljet mellom resolusjonsbøker, erklæringsbøker og kopibøker er ikkje alltid konsekvent. - Journalar og journalregister før 1/6 1825 kan nok brukast som inngang til brevmaterialet, men breva er ordna etter avsendar og dato, ikkje etter journalnummer slik vi finn det seinare. - Ordninga av innkomne brev etter avsendar har aldri vore heilt konsekvent gjennomført: Vi kan finne innkomne brev som etablerte pakkesaker, eit døme er l. nr. 2052, eller i pakkesaker av typen ”Brev og dokument om - -” eller i pakkane med diversesaker. Endeleg vil rekkja brev frå diverse avsendarar (”Forskjellige Breve”, l. nr. 1115-1193) også innehalde brev frå spesifiserte avsendarar. - Skiljet mellom sentrale og lokale instansar er ikkje alltid rett. Her vil stikkordregisteret ver til hjelp. - Arkivet inneheld nokre spesialjournalar frå 1800-talet, for sesjonsvesenet, utferding av sjøpass, rekningsjournalar m.m. I staden for å laga eigne rekkjer for desse og liknande protokollar, har vi plassert dei mellom pakkesakene sidan dei er så få. - I arkiva etter stiftsdireksjonen og Søndre Bergenhus amt vil det framleis finnast spreidde saker frå stiftamtmannsarkivet. Det er ting som har vore i bruk ved dei nye kontora. Stiftamtmannsarkivet har få påviselege lakunar, dei viktigaste er: Resolusjonsprotokoll 1729-1732 Erklæringsbøker 1794-1797 og 1801-1805 Kopibok for byen og stiftet 1794-1795 Brev frå amtmannen i Nordre Bergenhus amt 1774-1789 Stiftamtstuerettens protokoll 1736 Kommisjonsprotokoll 1772-1773 om handelen i Bergen