Arkivmateriale frå Ålfot interkommunale kraftselskap (1918-1928), Ålfotselskapet (1928-1938), YFK (1938-2002). Arkivet er haldt samla, ettersom det totalt sett ikkje er eit klart periodeskilje mellom dei ulike aktørane. Materialet som er ordna og katalogisert dekkjer i hovudsak perioden frå oppstarten i 1918 og fram til omlag 1970. Kontraktar er oppbevarte i SFE sitt hovudkontor på Sandane. Noko materiale er dessutan att i Florø. Det gjeld ein del mapper om linebygging, som framleis vert brukte, og i tillegg noko ymse tilfang i ei utstilling.