Skjetlein videregående skole vart skipa i år 1900, og gjekk då under namnet Trondhjems amts landbruksskole. Dei fyrste elevane blei overførde frå vinterlandbruksskulen i Trondheim. Forløparen til Skjetlein landbruksskole er vinterlandbruksskulane på Rotvoll og Munkvoll i Trondheim. Frå 1900-1950 heitte skulen Sør-Trøndelag fylkes jordbruksskole på Skjetlein. Seinare vart skulen omtala som Skjetlein landbruksskole. Sidan 1976 har namnet vore Skjetlein videregående skole. Skulen er eigd av Sør-Trøndelag fylkeskommune, og har 185 elevar (2007). Her blir det gitt undervisning i bygg- og anleggsteknikk, design og handverk, allmenne, økonomiske og administrative fag og naturbruk. Søndre Trondhjems amts landhusholdningsselskap stod bak den historiske utviklinga av landbruksutdanninga i Trondheimsregionen. I 1894 vart det lagt fram forslag om å opprette ein ny vinterlandbruksskule, med ei undervisning som var utelukkande teoretisk. Undervisninga fann stad i leigde lokale i byen. I 1899 granska amtstinget, etter forslag frå landhusholdningsselskapet, om denne nye typen teoretisk landbruksskule kunne leggast på landet. Tre gardsbruk vart undersøkte av komiteen åt amtstinget: Presthus ved Trondhjem, Storrønningen i Melhus, og Skjetlein i Leinstrand. Valet fell til slutt på Skjetlein, og amtstinget tok over garden den 1. juli 1900. Ved overtakinga bestod garden av eit våningshus, uthusbygning/fjøs, to stabbur og eit lite sagbruk. I åra mellom 1900 og 1904 vart eksisterande bygningar delvis ombygde for skuleføremål, og nybygg oppført. I 1902/03 vart den store undervisningsbygningen bygd. Det gamle hovudhuset, kalla stuelån, blei ombygd og flytta. På grunn av ny skuleplan etablerte ein i 1919 internatbygningen, som vart kalla ”Vesten”. Bygningen vart riven etter brannskade i 1988. I dei fyrste tiåra etter 1900 vart det bygd sommarfjøs. Eit nytt sommarfjøs blei etablert i 1950. 1918 blei det, i samband med småbrukarundervisninga og som ein del av landbruksskulen sitt opplæringsprogram, oppretta eit lite gardsanlegg kalla ”Småbruket” i nærområdet. I 1925 vart gardsbruket på Flåtten tilknytt skulen, det vart òg gardsbruket på Jellein i 1969. Landbruksskulen på Skjetlein gjekk gjennom ein del ombyggingar og nybygging i løpet av dei første 50 åra. Utviklinga speglar viktige utviklingstrinn i landbruksutdanninga i Noreg. 1930-talet markerer en slik overgang frå ein periode til ein annan, med stor vekst i elevtalet, framhald av mekaniseringa av jordbruket , nye tilbod og nye behov etter folkeskulelova av 1936 og normalplanen av 1939. Stor byggeaktivitet kjenneteiknar òg perioden 1955-1962. På grunn av aukande elevtal og større skuletilbod vart bygginga av den nye elevheimen starta i 1954, med ferdigstilling i 1956. I 1962 vart ein ny undervisningsbygning teken i bruk, og den gamle frå 1902 vart riven. Kulturhistorisk så markerar det nye hovudbygget overgongen frå landbruksskule til vidaregåande skule. I det materialet som førebels er mottatt (14.08.2012) fins der ikkje elevmapper, men informasjonen som brukar å finnast i elevmapper er her organisert i såkalla ”klassestyrerpermer” (TIKA A-2908 Ia L0001-L0042). Den flyttbare jorbruksskulen for fjellbygdene skipa i 1936. Kjelder: • Trondheim byleksikon • Skolebruksplan 3, Kulturhistorisk vurdering av bygninger, Sør-Trøndelag fylkeskommune; Bygge- og eiendomstjenesten • Kildenett.no, Historisk kilde- og kunnskapsbase for Trøndelag • ”Sør-Trøndelag fylkes jorsbruksskole på Skjetlein 1900-1950”, I. Sakshaug og N. Pukstad m. fl. 1951

Arkivinstitusjoner: