Sund vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Kommunen ligg i Midthordland sør på øya Sotra , og grensar i sør til Austevoll kommune, i aust til Os og Bergen, og i nord og nordaust til Fjell kommune. På vestsida ligg Nordsjøen og havet. Frå 2020 er kommunen ein del av nye Øygarden kommune.