Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/K-1225
1901 - 1964

Varaldsøy vart eigen heradskommune i 1901, då den vart utskilt frå Strandebarm heradskommune. Gjeldande frå 1965 vart kommunen delt mellom kommunane Kvinnherad og Kvam. Kommunen låg i Hordaland fylke på øya Varaldsøy og med ein del på fastlandet på nordsida av Hardangerfjorden. Kommunen grensa mot Kvinnherad i aust og sør, mot Strandvik kommune i vest og mot kommunane Hålandsdalen og Strandebarm i nord. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 skulle kvart prestegjeld på landet utgjera eit formannskaåpsdistrikt. Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. I 1838 høyrde Varaldsøy sokn til Strandebarm formannskapsdistrikt, som fekk sams grenser som strandebarm prestegjeld. Ved kgl.res. av 26. januar 1901 vart Varaldsøy skilt ut som eigen kommune: " hvorved er bestemt 1) at Strandebarm og Varaldsø herred i Søndre Bergenhus amt paa de af herredstyret i møde den 10de april 1900 fastsatte betingelser deles i to herreder, Strandebarm herred og Varaldsø herred svarende til sognene af samme navn. 2) At det overlades til amtmanden at bestemme tiden for delingens ikrafttræden." Ved kgl. res. av 03.11.1917 vart heradet sitt namn endra frå Vardalsø til Varaldsøy. Gjeldande frå 1964/65 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland, til liks med resten av landet. Kgl. res. av 29. mai 1964: " I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett: I Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Ytre Hardanger og Indre Sunnhordland som Stortinget i vedtak den 27. februar 1964 ved handsaminga av St. prp. nr. 106 (1962-63), har gitt samtykke til, vert gjennomførde frå 1. januar 1965: 1) Kommunene Kvinnherad, Fjelberg og Varaldsøy (untatt den delen av Mundheim krets' fastlandsdel som ligger nord for eiendommene under gnr. 1-4) og den delen av Skånevik kommune som ligger nord for Skåneviksfjorden/Åkrafjorden østover til og med Åkra, sluttes sammen til en herredskommune. Grensen ved delingen av Skånevik nordside trekkes fra sjøen mellom gårdene Åkra, gnr. 53, og Vågen, gnr. 54, på den ene side og gården Kalvik, gnr. 55, på den andre side, videre mellom gården Åkra og gården Kvandal, gnr. 56, frem til grensen mellom soknene Holmedal og Åkra og videre langs denne soknegrense fram til herredsgrensen mot Kvinnherad. 2) Etne kommune og resten av Skånevik kommune sluttes sammen til en herredskommune. 3) De deler av kommunene Kvam, Jondal og Strandebarm som ligger på nordvestsiden av Hardangerfjorden, og den delen av Mundheim krets' fastlandsdel som ligger nord for eiendommene under gnr. 1-4, sluttes sammen til en herredskommune. 4) Kysnesstranda i Strandebarm kommune overføres til Jondal kommune (på Folgefonnhalvøya). 5) Åsgrenda krets i Kvam kommune overføres til Ullensvang kommune. II. Den omregulerte Jondal kommune skal framleis ha namnet Jondal. Dei tre nye kommunane under 1-3 skal ha namna: Kvinnherad, Etne og Kvam." Kjelder: Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Departementstidende, Norsk lovtidende m.m. ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt) 1997 ÅES

Arkivinstitusjoner: