Opphavleg blei både medlemmer av kommunestyret og formannskapet valde direkte ved kommuneval. I 1896 valde kommunestyret formannskapsmedlemmer. Til 1896 vart talet på medlemmer i kommunestyret fastsett av amtmannen. I perioden 1921-1953 var det fylkestinget som fastsette storleiken på kommunestyret innanfor lova sine rammer. F.o.m. 1954 fastsette kommunestyret sjøl talet på medlemmer innanfor ei gitt ramme. Inntil 1879 blei ordførar og varaordførar valde av formannskapet. Medlemmer av skule- eller fattigkommisjonen skulle vera med på formannskapsmøte der saker som vedgjekk dei vart tekne opp. I kommunar der skule- og fattigvesen var delt soknevis, skulle berre formannen for soknet vere til stades. Inntil 1921 skulle alle kommunestyrevedtaka godkjennast av fylkesmannen ('fylkesm. sin approbasjonsrett'). Inntil 1938 gjaldt denne retten berre for vedtak som førte til aktiv handling ('positive vedtak'). Sidan 1954 har fylkesmannen berre rett til å overprøve om kommunestyrevedtaket er i samsvar med lova. Kommunelova frå 1921 føreskriv at kommunen skulle ha faste stillingar som rådmann, heradskasserar, formannskaps-/heradssekretær. Vidare har kommunen høve til å skipa nemnd for faste eller kortvarige oppgåver. Lova inneheld og reglar om styring og rekneskap for kommunale føretak. Kriselovene frå tida 1923-37, sytte for at kommunane vart sett under statleg administrasjon, dersom dei ikkje kunne oppfylla sine økonomiske plikter. Under okkupasjonstida blei ordførar og varaordførar utnemnde av fylkesmannen i samråd med NS-fylkesførar. Rådmannen var direkte underlagt fylkesmannen/innanriksdepartementet. Formannskapet hadde berre rådgjevande funksjon, medan ordføraren hadde ansvaret for kommunen. Hovudseriar for formannskapet er møtebok for kommunestyret/formannskapet, kopibøker, brevjournalar og korrespondanse/saksdokument. Vidare finn ein tilvisingsbøker og protokollar for val til kommunale ombod.