Vikebygd vart eigen heradskommune frå 1902, og vart då utskilt frå Sveio. I 1964 vart kommunen delt mellom kommunane Sveio og Ølen. Kommunen låg i Sunnhordland på aust- og vestsida av Ålfjorden. Før kommuneinndelinga i 1964 grensa Vikebygd mot Valestrand kommune i nord og nordvest. mot Sveio i vest og mot Ølen i aust. I sør gjekk grensa mot kommunane Tysvær og Vindafjord i Rogaland fylke. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslova av 1837 § 1 skulle kvart prestegjeld på landet utgjera eit formannskapsdistrikt. Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved kgl.res. av 05.10.1901 vart Vikebygd sokn i Sveio heradskommune eigen heradskommune : (....) " hvorved er bestemt 1) at Sveen herred i Søndre Bergenshus amt deles i to herreder, Sveen herred og Vikebygd herred, svarende til sognene af samme navn. 2) At det overlades til amtmanden at bestemme tiden for delingens ikrafttræden.". Dette tredde i kraft frå januar 1902. Ved kgl.res. av 13. mars 1935 vart Vikbygd sokn delt i 2 sokner: Austre og Vestre Vikebygd. " I. (...) sjå under prestegjeld. og sokneinndelinga.. II. I medhold av § 74 i landkommuneloven bestemmes: 1) De nuværende herredstyremedlemmer og varamenn i Vikebygd fordeles efter bopel mellom de nye sognestyrer. 2) Fylkesmannen i Hordaland bemyndiges til å la holde ekstraordinært kommunevalg til valg av 2 representanter med varamenn for hvert av de nye sognestyrer. (....) Gjeldande frå 1964/1965 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke, til liks med resten av landet. Kommuneinndelingskomiteen gav i 1958 si innstilling om kommuneinndelinga, og ved Kgl.res. av 22.februar 1963 vart det gjort fylgjande vedtak om Vikebygd heradskommune. " 1) Valestrand og Sveio kommunar og vestre delen av Vikebygd kommune (området vest av Ålfjorden) vert slegne saman til ein heradskommune. Til denne eininga vert lagt Flatnæs - Buvik-området (gnr. 38 bnr. 1-16 og gnr. 39 bnr.1 av Skjold kommune i Rogaland fylke. 2) Ølen kommune og austre delen av Vikebygd (området aust av Ålfjorden) vert slegne saman til ein heradskommune." Ved kgl.res. av 26. april 1963 vart det vedteke: "Kongeleg resolusjon om at samanslåinga av Sveio og Valestrand kommunar og vestre delen av Vikebygd, (....) vert gjennomførde frå1. januar 1964. Namnet på den nye kommune vert Sveio. " Ved kgl.res. av 26.april 1963 vart det vedteke :. "Kongeleg regolusjon om at samanslåinga av Ølen kommune og austre delen av Vikebygd kommune i Hordaland fylke til ein herredskommune som vart vedteken ved kgl.res. av 22. februar 1963, vert gjennomført frå 1. januar 1964. Namnet på den nye kommunen vert Ølen. " Kjelder: Matrikkelen 1838 ( for tinglaga) Norsk Lovtidene / Departementstidende) ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet (tinglag og lensmannsdistrik) 1997 ÅES