Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/K-1216
1852 -

Sveio vart eigen heradskommune frå 01.01.1852, då den vart frådelt Finnås heradskommune. Fram til 1912 var kommunenamnet Sveen. Då vart det ved endra til Sveio ved Den norske regjerings resolusjon av 1. desember 1911, " hvorved bestemmes, at det geistlige og civile inddelingsnavn Sveen i Søndre Bergenhus amt forandres til Sveio." Sveio ligg lengst sør mot vest i Sunnhordland på grensa med Rogaland fylke. Etter kommunesamanslåinga i 1964 grensar Sveio til kommunane Ølen i aust, Kvinnherad i nordaust, Stord i nord og Bømlo i nordvest i Hordaland fylke. I sør går grensa mot Haugesund og Tysvær kommunar i Rogaland fylke. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 skulle kvart prestegjeld på landet utgjera eit formannskapsdistrikt. Matrikkellova av 1853 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. I 1837 høyrde Sveen sokn til Finnås formannskapsdistrikt, som fekk sams grenser med Finnås prestegjeld. I samsvar med formannskapslovene for landet av 1837 § 1 vart Sveen sokn eige formannsdistrikt frå 01.01.1852. Soknet låg då i eit anna tinglag (Fjære) enn det prestegjeldet den tilhøyrde ( Finnås), og kunne så med stemmefleirtal gjera vedtak om å verta eige formannskapsdistrikt. Den nyvalde ordføraren Jens Johannesen Tvedt møtte i Sønder Bergenhuus Amtsformandskap den 12. juni 1852 frå Sveen sokn. Sidan han ikkje representerte eit formannskapsdistrikt som hadde same geografiske område som prestegjeldet det tilhøyrde, vart han i samsvar med formannskapslovene av 1837 § 52 tillagt berre ½ stemme i forsamlinga. Det same hadde også ordføraren som møtte frå Finnås formannskapsdistrikt, som etter 1852 no hadde att soknene Moster, Bømlo og Bremnes, etter at Sveen sokn hadde oppstått som eige formannskapsdistrikt innanfor Finnås prestegjeld. Frå 1862 gjekk Vikebygd sokn over frå Fjellberg formannskapsdistrikt til Sveen. I møteboka for Sveen formannskap av 28.12.1861 står fylgjande: " Ved Amtets ordre igjennom Fogderiet vil Sveen Sogne og Vikebygds Sogne utgjøre et Formandskapsdistrikt for Eftertiden og have samtige Formænd ifølge Formandskapslover § 16 at vælge en Ordfører og en Viseordfører for de paafølgende 2. " Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskaps- distrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved Kgl.res. 5. oktober 1901, vart Vikebygd sokn frådelt til eige herad: "hvorved er bestemt 1) at Sveen herred i Søndre Bergenhus amt deles i to herreder, Sveen herred og Vikebygd herred, svarende til sognene af samme navn. 2) At det overlades til amtmanden at bestemme tiden for delingens ikrafttræden." Kommuneinndelingskomiteen gav i 1958 si innstilling om kommuneinndelinga, og ved Kgl. res. av 22. februar 1963 vart fygjande vedtak gjort: " 1) Valestrand og Sveio kommunar og vestre delen av Vikebygd kommune (området vest av Ålfjorden) vert slegne saman til ein heradskommune. Til denne eininga vert lagt Flatnæs-Buvik-området (gnr. 38 bnr. 1-16 og gnr. 39 bnr. 1-2) av Skjold kommune i Rogaland fylke." Kgl.res. av 26. april 1963 fastsette at ovenfornemnte sammenslåing skulle gjelda frå 1. januar 1964, og at den nye kommunen skulle heita Sveio. Kjelder:: Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Departementstidende / Norsk Lovtidende ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsaaaarkivet (prestegjeld- soknedeling) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt)

Arkivinstitusjoner: