
Aksjeselskapet Steens Kalkbrenneri vart stifta i 1898. Det var høgkonjunktur, og føretaket fekk med ein gong ein stor produksjon og omsetting. Det vart levert brentkalk, også kalla murkalk, til bygningsbransjen, og bedrifta hadde eige lagerhus i Kristiania. Anlegget leverte brentkalk også til industri og jordbruk fram til 1977. Etter den tid er det landbrukssektoren og fillermarkedet som har vore dominerande. Kalkverket var frå starten av ei familiebedrift, eigd og dreve av medlemmar av familien Steen Østberg. Initivativet til kalkverket vart teken av kjøpmann Carl Steen som leia føretaket dei første 27 åra. I 2007 kjøpte bedrifta Franzefoss Miljøkalk AS anlegget.