Fjelberg vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837, og gjekk inn i Kvinnherad kommune gjeldande frå 01.01.1965. Kommunen låg i Sunnhordland på øya Halsenøy og med ein del på fastlandet nordaust mellom Kvinnherad og Skånevik kommunar. Før kommuneinndelinga i 1964 hadde Fjelberg kommune grenser i sørvest mot Valestrand, i vest mot Stord, i nord og nordvest til Kvinnherad, i aust og søraust til Skånevik, og i sør til Etne og Ølen kommunar. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Fjelberg formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838: "I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Eid sokn var eigen heradskommune frå 1838 – 1860 ( Sjå : Anders Havnelid 1992: Allmennsoga Kvinnherad bind 5 s. 171) Frå 1862 gjekk Vikebygd sokn over frå Fjellberg formannskapsdistrikt til Sveen. I møteboka for Sveen formannskap av 28.12.1861 står fylgjande: " Ved Amtets ordre igjennom Fogderiet vil Sveen Sogne og Vikebygds Sogne utgjøre et Formandskapsdistrikt for Eftertiden og have samtige Formænd ifølge Formandskapslover § 16 at vælge en Ordfører og en Viseordfører for de paafølgende 2." Ved kgl.res. av 24.03.1916 vart soknene Ølen og Bjoastrand delt i frå Fjelberg og vart til Ølen heradskommune. " Kongelig resolusjon av 24. mars 1916, hvorved Fjelbergs herred i Søndre Bergenhus amt deles fra den tid, som amtmanden bestemmer, paa de av herredstyret i møter 14. mars og 15. august 1913 og 30. august 1915 vedtagne vilkaar i to herreder, Fjelbergs herred, omfattende Fjelberg sogn og Eid sogn, og Ølens herred, omfattende Ølen sogn og Bjoestranden sogn." Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordalanbd fylke, til liks med resten av landet.Ved kongeleg resolusjon av 29.mai 1964 gjekk Fjelberg heradskommune inn i Kvinherad kommune, gjeldande frå 01.01.1965, slik som det går fram av resolusjonen nedanfor: " Kongeleg resolusjon av 29. mai 1964: I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett: I. Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Ytre Hardanger og Indre Sunnhordland som Stortinget i vedtak den 27. februar 1964 ved handsaminga av St. prp. nr. 106 (1962-63), har gitt samtykke til, vert gjennomførde frå 1. januar 1965: 1.) Kommunene Kvinnherad, Fjelberg og Varaldsøy (untatt den delen av Mundheim krets' fastlandsdel som ligger nord for eiendommene under gnr. 1-4) og den delen av Skånevik kommune som ligger nord for Skåneviksfjorden/Åkrafjorden østover til og med Åkra, sluttes sammen til en herredskommune. Grensen ved delingen av Skånevik nordside trekkes fra sjøen mellom gårdene Åkra, gnr. 53, og Vågen, gnr. 54, på den ene side og gården Kalvik, gnr. 55, på den andre side, videre mellom gården Åkra og gården Kvandal, gnr. 56, frem til grensen mellom soknene Holmedal og Åkra og videre langs denne soknegrense fram til herredsgrensen mot Kvinnherad. 2.) Etne kommune og resten av Skånevik kommune sluttes sammen til en herredskommune. 3) De deler av kommunene Kvam, Jondal og Strandebarm som ligger på nordvestsiden av Hardangerfjorden, og den delen av Mundheim krets' fastlandsdel som ligger nord for eiendommene under gnr. 1-4, sluttes sammen til en herredskommune. 4) Kysnesstranda i Strandebarm kommune overføres til Jondal kommune (på Folgefonnhalvøya). 5) Åsgrenda krets i Kvam kommune overføres til Ullensvang kommune. II. Den omregulerte Jondal kommune skal framleis ha namnet Jondal. Dei tre nye kommunane under 1-3 skal ha namna: Kvinnherad, Etne og Kvam.