Lofotposten er ei av dei eldste avisene i Nord-Noreg.1 Avisa har kome ut i Svolvær sidan 1896 og har i store periodar av 1900-talet vore den dominerande avisa i landsdelen og hatt det største nedslagsfeltet. I ein periode i etterkrigstida hadde avisa åtte avdelingskontor spreidd rundt i heile Nord-Noreg og hadde dessutan eigen stortingsmedarbeidar. Opplagsrekorden er frå 1946 med vel 30 000 eksemplar. Posisjonen vart seinare gradvis svekka, og i dag er Lofotposten ei lokalavis for Lofoten med eit opplag på ca. 7 000 eksemplar.