Stiftelsen Norsk Handelsmuseum og Norsk Reklamemuseum vart skipa i 1978 av Norges Handelsstands Forbund. Stiftinga brukte dei tre neste tiåra til å samle inn papirarkiv, gjenstandar, foto, film og reklamemateriell. Ønsket var å etablere eit museum for formidling av norsk handelshistorie og på den måten øke den allmenne forståinga for handelen og reklamen sin rolle i samfunnet. Stiftinga har gjeve ut bøkene «Takk for handelen», «Oslohandelen», «Handelen i Vestfold», «Handelen i Østfold», «Der handler hver Mand…» og «Reklamebyen Bergen». Dei store utstillingane «Takk for handelen», «Norge Europa, eksport, import og kulturimpulser» og «Reklame er tidens speil» vart vist ei rekke stader i landet. Planane for eit museum vart skrinlagt, men den store samlinga deira bestod. Stiftinga sitt samarbeid med Norges Fiskerimuseum i Bergen førte i 2009 til ein fusjonering. Norges Fiskerimuseum vart seinare ein del av Museum Vest. Papirarkiva i samlinga består av rundt 190 hyllemeter og 20 arkivskaparar. Arkivet etter Norges Handelsstands Forbund utgjer halvparten og vart i 2018-2019 ordna og overført til Hordaland fylkesarkiv. Det samme vart Skauges reklamesamling. Resten av arkiva er per 2019 uordna og framleis oppbevart hos Museum Vest på Bontelabo i Bergen.