Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/K-1242
1907 -

Samnanger vart eigen heradskommune frå 1907, då den vart utskilt frå Os heradskommune. Kommunen ligg i Hordaland fylke, og grensar i nord til Vaksdal kommune, i aust til Kvam herad, i sør Fusa kommune og Os kommune, og i vest til Bergen kommune. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Os formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838. " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved resolusjon av 03.12.1906 vart det vedteke at Samnanger sokn skulle delast frå til eigen heradskommune. " Den norske regjerings resolusjon av 3. desember 1906, hvorved det bestemmes, at Os herred i søndre Bergenhus amt fra den tid, som af amtmanden bestemmes, paa de af herredstyret i møder den 10de januar og 13de august 1906 vedtagne vilkaar deles i to herreder, Os herred og Samnanger herred, svarende til sognene af samme navn." Møteboka viser at første møte i Samnanger heradstyre vart halde 29.12.1906.