Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/K-1217
1868 - 1964

Valestrand vart eigen heradskommune i 1868 og gjekk inn i Sveio kommune 01.01.1964. Valestrand låg i Sunnhordland, og hadde kommunegrense mot Sveio kommune i sør, mot Vikebygd i søraust, mot Fjelberg i nordaust, mot Stord i nord og mot kommunane Moster og Bømlo i vest. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslova av 1837 § 1 skulle kvart prestegjeld på landet utgjera eit formannskapsdistrikt. Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. I 1838 høyrde Valestrand sokn til Stordøen formannskapsdistrikt, som fekk sams grenser med Stordøen prestegjeld. I 1868 vart Valestrand sokn utskilt frå Stord som eigen heradskommune. Dette kunne gjerast med heimel i formannskapslova av 1837 § 1. Soknet låg i eit anna tinglag (Føyen) enn det prestegjeldet det tilhøyrde (Stord), og kunne så med stemmefleirtal gjera vedtak om å verta eige formannskapsdistrikt / heradskommune. Den nyvalde ordføraren Nils Kristoffersen Sundnæs møtte i Søndre Bergenhus Amtsformandskap den 9. juni 1868 frå Valestrand heradskommune. Sidan han ikkje representerte ein heradskommune som hadde same geografiske område som prestegjeldet den tilhøyrde, vart han i samsvar med formannskapslova av 1837 § 52 tillagt berre ½ stemme i forsamlinga. Frå 1944 vart gnr. 26 bnr. 2 og 5 overført til Vestre Vikebygd sokn i Vikebygd herad. " Skrivelse fra Innenriksdepartementet, hvorved det etter § 1 i landkommuneloven, jfr, Ministerpresidentens beslutning av 10. desember 1942, bestemmes at eiendommene Nygård, gnr. 26 bnr. 2 og 5, blir overført fra Valestrand herred til Vestre Vikebygd sokn i Vikebygd herred i Hordaland fylkes med virkning fra 1. juli 1944. " Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordland fylke, til liks med resten av landet. Valestrand kommune og vestre delen av Vikebygd kommune vart overført til Sveio kommune ved kgl.res. av 22. februar 1963: "1) Valestrand og Sveio kommunar og vestre delen av Vikebygd kommune (området vest av Ålfjorden) vert slegne saman til ein heradskommune. Til denne eininga vert lagt Flatnæs - Buvik-området (gnr. 38 bnr. 1 - 16 og gnr. 39 bnr. 1 - 2) av Skjold kommune i Rogaland fylke." Kgl.res. av 26. april 1963 fastsette at ovanfornemnte samanslåing skulle gjelda frå 1. januar 1964, og at den nye kommunen skulle heita Sveio. Kjelder: Norsk Lovtidende/Departementstidende ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt) 30.05.2000 ÅES

Arkivinstitusjoner: