Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/K-1260a
1924 - 1964

Hordabø vart eigen heradskommune frå 1924, då Bø sokn vart utskilt frå Manger kommune. Fram til 1925 var namnet på sokna og heradskommunen Bø. Då vart det ved kongeleg resolusjon av 13.03.1925 endra til Hordabø. Ved kommunesamanslåinga gjeldande frå 1964 gjekk Hordabø kommune inn i den nye Radøy kommune, saman med kommunane Sæbø og Manger. Kommunen låg i Nordhordland, og før kommunesamanslåinga i 1964 grensa Hordabø mot havet i vest, mot Fedje kommune i nordvest, mot Austrheim i nord, mot Lindås i aust og mot Manger kommune i sør. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Manger formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838. " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved kgl. res av 01.10.1870 vart Herlø delt i frå Manger, og vart eigen heradskommune med sams grenser som Herlø prestegjeld, gjeldande frå 01.01.1871. Ved kgl.res. av 11.05.1909 vart Hjelmen sokn utskilt frå Manger heradskommune, og vart eigen heradskommune. Ved kgl.res. av 15.02.1924 vart Manger herad delt i tre. Soknene Manger, Sæbø og Bø vart eigne heradskommunar. " hvorved fra den tid fylkesmannen i Hordaland bestemmer: Manger herred deles i 3 nye herreder, Manger, Sæbø og Bø, svarende til de nuværende sogn av samme navn, med det av Hordaland fylkesting i møte 11. juni 1923 tatte forbehold med hensyn til skolekretsenes inndeling og forøvrig på de av Manger herredstyre i møter 22. januar og 20. desember 1923 besluttede delingsvilkår." Det første møte vart halde i Bø heradsstyre 04.08.1924. Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland, til liks med resten av landet. " Kgl. res. av 7. september 1962 om at det skal gjerast fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke: 1) Hordabø, Manger og Sæbø kommunar (med unntak av Titland krins av Sæbø), Sletta krins av Lindås kommune, Straume krins med Fesøy av Austrheim kommune, og Bognøy av Herdla kommune skal skipa ein heradskommune. " Kgl.res. 21. juni 1963 fastset at ovenståande sammenslåing skal gjerast gjeldende fra 1. januar 1964. Kgl.res. av 09.08.1963 fastset at den nye kommunen får namnet R a d ø y. Kjelder: Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Departementstidende ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt) ÅES

Arkivinstitusjoner: