Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/K-1251a
1870 - 1964

Bruvik vart eigen heradskommune frå 1870, då den vart utskilt frå Haus heradskommune. Kommunen endra i 1964 namn til Vaksdal kommune i samband med dei store endringane i kommuneinndelinga i Hordaland , då det skjedde store geografiske endringar også for denne kommunen sitt vedkomande. Kommunen låg i Hordaland, der ein mindre del låg på Osterøya, medan mesteparten låg på fastlandet på austsida av Osterøya. Fram til 1964 grensa Bruvik i vest til kommunane Haus og Hosanger på Osterøy. I nord gjekk grensa mot Modalen kommune, i aust mot Evanger og i sør mot Samnanger kommune. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslova av 1837 § 1 vart Haus formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldnade frå 1838. " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab ..." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskaps- distrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. I 1838 høyrde dåverande soknene Bruvik og Stamnes til Haus formannskapsdistrikt, som fekk sams grenser med Haus prestegjeld. Bruvik prestegjeld vart oppretta ved kgl.res.av 20.06.1868. Ved kgl.res. av 03.07.1869 vart Bruvik skilt ut frå Haus som eigen heradskommune gjeldande frå 01.01.1870. " Kongeleg Resolution, hvorved der i Henhold til § 1 i lov av 25de Februar 1860, indeholdende Tillæg til Lov om Formandskaber paa Landet av 14de januar 1837, meddeles Approbation paa de af Formænd og Repræsentanter i Haus Herred i Søndre Bergenhuus Amt under 21de August og 28de December 1868 fattede Beslutninger om Deling af bemeldte Herred saaledes, at hvert af Herredets 2de Præstegjeled, Haus og Bruvig, fra 1ste Januar 1870 i communale Anliggender, Skolevæsenet, men ikke Fattigvæsenet, derunder indbefattet - kommer til at udgjøre et særskilt Herred. " Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke, til liks med resten av landet. Ved kgl.res. av 07.09.1962 vert det gjort vedtak om ein del av Bruvik kommune som låg på Osterøya. " (...) 3) Dei områda av Hamre, Hosanger og Haus kommunar som ligg på Osterøya skal skipa ein heradskommune saman med det området av Bruvik kommune på Osterøya som ligg sør for Hesjedal krins ( eigedomane under gnr. 1 - 11 i Bruvik.) " Ved kgl.res. av 21.07.1963 vert det gjort vedtak om at tidlegare vedtekne endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke ( kgl.res. av 07.09.1962) skal setjast i kraft frå 01.01.1964. Ved kgl.res. av 05.07.1963 vart det gjort vedtak om overføring av dalføra Eksingedalen og Bergsdalen til Bruvik kommune. "overføringa til Bruvik kommune i Hordaland fylke av Eksingedalen sokn frå Modalen kommune og Evanger kommune sine område i Eksingedalen og Bergsdalen, alt i same fylke, vert gjennomført frå 1. januar 1964. Namnet på den utvida kommunen vert fastsett til V A K S D A L " Kjelder: Norsk Lovtidende/Departementstidende ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt) 1997 ÅES

Arkivinstitusjoner: