Virksomhet-ikon
Sti:
AV/A-20
1864 -

FRÅ NORGES FISKERISTYRELSE TIL FISKERIDIREKTORAT Fiskeridirektoratet fekk status som direktorat frå 15.september 1906, etter stortingsvedtak an 18.mars same året. Direktoratet var ei direkte framhald av Norges Fiskeristyrelse, som vart oppretta ved stortingsvedtak av 25.april 1900. Fiskeristyrelsen var organisert med ei kollektiv leiing på tre medlemmer. Ved omorganiseringa til direktorat gjekk leiinga over til en fiskeridirektør. Norges Fiskeristyrelse hadde frå starten av inga formalisert kontorinndeling. Arbeidsområda var delt mellom dei tre medlemmene i fiskeristyret, formannen Gabriel Westergaard, Jens O. Dahl og Johan Hjort. Westergaard var "handelskyndig", Dahl var "fiskerikyndig" og stelte mest med havfiskfonda og fiskeristatistikken, medan Hjort leia fiskeriforskninga. Det vart ofte skildt mellom ein praktisk avdeling, leia av Westergaard og Dahl, og ein vitenskapelig avdeling, som Hjort hadde ansvaret for. Frå 1902 til 1906 var den vitskaplege avdelinga formelt utskilt og sorterte delvis direkte under Handelsdepartementet. Leiaren, Johan Hjort, hadde først og fremst ansvar for havforskninga, men også for Statens Fiskeriforsøksstasjon i Bergen, ein industriavdeling som tidlegare hadde sortert under Selskapet for de norske fiskeriers fremme. Stasjonen hadde likevel heilt fra starten 1982 ein fast styrar, og denne teknologiske avdelinga fekk etter kvart ein relativ sjølstendig status. Etter at Fiskeristyrelsen vart omorganisert til direktorat i 1906 med Johan Hjort som fiskeridirektør, vart den vitskaplege avdelinga avvikla som sjølstendig eining. Havforksninga hadde likevel også etter dette ein sentral plass i direktoratet. Mellom anna vart det ført eigne kopibøker og journalar.

Arkivinstitusjoner: