Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/K-1211
1838 -

Etne ligg Sunnhordland og etter kommunesamanslåinga i 1965 grensar kommunen i vest til Ølen, i nord og nordvest til Kvinnherad, i nordaust til Odda kommune. I sør går grensa frå vest mot aust mot kommunane Vindafjord, Suldal og Sauda i Rogaland fylke. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Etne formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838: "I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved dept.brev av 09.07.1943 vart gnr. 63 - 64 ført over frå Ølen heradskommune til Etne heradskommune: Gjeldande frå 1964/1965 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke, til liks med resten av landet. Ved kongeleg resolusjon av 29. mai 1964 vart Skånevik heradskommune delt mellom Etne og Kvinnherad kommune, gjeldande frå 01.01.1965, slik som det går fram av resolusjonen nedanfor: "Kongeleg resolusjon av 29. mai 1964: I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett: I. Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Ytre Hardanger og Indre Sunnhordland som Stortinget i vedtak den 27. februar 1964 ved handsaminga av St. prp. nr. 106 (1962-63), har gitt samtykke til, vert gjennomførde frå 1. januar 1965: 1) Kommunene Kvinnherad, Fjelberg og Varaldsøy (untatt den delen av Mundheim krets' fastlandsdel som ligger nord for eiendommene under gnr. 1-4) og den delen av Skånevik kommune som ligger nord for Skåneviksfjorden/Åkrafjorden østover til og med Åkra, sluttes sammen til en herredskommune. Grensen ved delingen av Skånevik nordside trekkes fra sjøen mellom gårdene Åkra, gnr. 53, og Vågen, gnr. 54, på den ene side og gården Kalvik, gnr. 55, på den andre side, videre mellom gården Åkra og gården Kvandal, gnr. 56, frem til grensen mellom soknene Holmedal og Åkra og videre langs denne soknegrense fram til herredsgrensen mot Kvinnherad. 2) Etne kommune og resten av Skånevik kommune sluttes sammen til en herredskommune. 3) De deler av kommunene Kvam, Jondal og Strandebarm som ligger på nordvestsiden av Hardangerfjorden, og den delen av Mundheim krets' fastlandsdel som ligger nord for eiendommene under gnr. 1-4, sluttes sammen til en herredskommune. 4) Kysnesstranda i Strandebarm kommune overføres til Jondal kommune (på Folgefonnhalvøya). 5) Åsgrenda krets i Kvam kommune overføres til Ullensvang kommune. II. Den omregulerte Jondal kommune skal framleis ha namnet Jondal. Dei tre nye kommunane under 1-3 skal ha namna: Kvinnherad, Etne og Kvam.

Arkivinstitusjoner: