Eidfjord vart eigen heradskommune i 1891, då den vart utskilt frå Ulvik heradskommune. I 1964 vart kommunen slått saman med Ullensvang kommune, men gjekk i 1977 atter over til å verta eigen sjøvstendig kommune. Kommunen ligg i Hardanger i Hordaland fylke, og grensar i nord til Ulvik kommune, og i vest til Ullensvang kommune. I aust grenser Eidfjord til Hol kommune og Nore og Uvdal kommune i Buskerud fylke. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 skulle kvart prestegjeld på landet utgjera eit formannskapsdistrikt. Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. I1838 høyrde Eidfjord sokn til Granven formannskapsdistrikt, som fekk sams grenser med Graven prestegjeld. Ved kgl.res. av 30.12.1857, gjeldande frå 1. januar 1858 endra Graven prestegjeld namn til Ulvik prestegjeld, og truleg vart då også namnet på formannskapsdistriktet endra (møtebøkene frå denne tida manglar). Ved kgl.res. 06.12.1890 vart Eidfjord sokn utskilt frå Ulvik heradskommune og vart eigen heradskommune, gjeldande frå 1. mai 1891: " hvorved er bestemt, at Ulvik herred i Hardanger og Voss fogderi, Søndre Bergenhus amt, fra den tid, som af amtmanden nærmere bestemmes, skal deles i 3 herreder, saaledes at hvert af sognene Ulvik, Graven og Eidfjord kommer til at udgjøre et eget herred." Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland, til liks med resten av landet. For Eidfjord heradskommune sitt vedkommande skjedde dette: Kongeleg resolusjon av 19. april 1963 om at: " 1) Kommunane Ullensvang, Kinsarvik (med unnatak av Lussand- Kvanndalområdet) og Eidfjord i Hordaland fylke vert slegne saman til ein heradskommune." Kongelig resolusjon av 5. juli 1963 fastsette at ovenståande samanslåing skulle gjerast gjeldende fra 1. januar 1964. Kongeleg resolusjon av 9. august 1963: " I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett: Den nye heradskommunen i Hordaland fylke som ved kongeleg resolusjon 19. april 1963 er skipa ved samanslåing av Ullensvang, Kinsarvik (unnateke Lussand-Kvanndal-området) og Eidfjord kommunar, får namnet Ullensvang". Ved kgl.res. 9. juli 1976 vart Eidfjord fråskilt tilbake til eigen kommune: "1) Fråskiljinga av tidlegare Eidfjord kommune frå Ullensvang kommune i Hordaland fylke, som eigen heradskommune, vedteken av Stortinget 31. mai 1976, vert gjennomførd frå 1. januar 1977. 2) Namnet på fråskilde kommunen skal vera Eidfjord. 3-9) vidare detaljar".