Finnås vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Kommunen låg i Sunnhordland, og femnde til saman om Bømmeløya og ei mengd med mindre øyar og holmar som kransar seg kring denne øya. Kommunesenterert var ved Kulleseidkanalen. I 1838 grensa kommunen til Stord prestegjeld i aust. På vestsida var Nordsjøen og havet. Frå 01.07.1916 vart Finnås heradskommune delt i tre: Heradskommunane Moster, Bømlo og Bremnes. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Finnås prestegjeld formannskapsdistrikt oppretta frå 1838. ” I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab… ” Matrikkelova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 – 4 vart Sveen sokn eige formannskapsdistrikt frå 01.01.1852. Soknet låg i eit anna tinglag (Fjære) enn resten av prestegjeldet, og kunne med stemmefleirtal vedta å verta eige formannskapsdistrikt. Ved Kgl. res. av 24.03.1916 vart Finnås lagt ned og delt i tre eigne heradskommunar: "Kongelig resolusjon av 24. mars 1916, hvorved Finnås herred i Søndre Bergenhus amt deles fra den tid, som amtmanden bestemmer, paa de av herredstyret i møter 24. mai, 20. august og 15. oktober 1912, 8. oktober 1913 og 26 januar 1914 vedtagne vilkaar i tre herreder, Moster herred, omfattende Moster sogn, Bremnes herred, omfattende Bremnes sogn, og Bømmels herred, omfattende Bømmel sogn. " Resolusjonen vart gjort gjeldande frå 1. juli 1916. Gjeldande frå 1. januar 1963 vart kommunane Moster, Bømlo og Bremnes slått saman til ein ny kommune, som fekk namnet Bømlo kommune. Kjelder: Matrikken av 1838 (for tinglaga) Departementestidende / Norsk Lovtidende (kgl.rs.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- og soknedeling) Register over lonsmannsarkiv, Statsarkivet (tinglag og lensmannsdistrikt) 1997 ÅES