Virksomhet-ikon
Sti:
AV/A-35
1702 - 1918

Stiftamtmannen var statens øvste administrator i landsdelen, frå Sunnhordland til Sunnmøre, han hadde tilsyn med byadministrasjonen i Bergen, og frå 1700 var han også amtmann i Bergenhus amt. Ansvars- og arbeidsfelt var gitt i instruksar, sjå Alf Kiil: Arkivkunnskap, Statsarkiva, s. 171 ff. I arkivet har vi registrert ein slik instruks frå 1775 (l. nr. 2074) I 1743 vart Nordre Bergenhus amt utskilt og fekk eigen amtmann, medan stiftamtmannen heldt fram som amtmann i Søndre Bergenhus til dei to embeta vart skilde i 1831. I arkivet kom skiljet nokre år før, med eige kontorhald for Søndre Bergenhus amt frå 1/1 1828. Dei to embeta vart igjen samanslegne frå 1907 til avskipinga av stiftamtmannsebetet 31/12 1918, men med serskilde arkiv. Protokollar og arkivrekkjer i stiftamtmannsarkivet er frå 1/1 1919 førte vidare i Bergen fylke. Stiftsdireksjonen fekk eige kontorhald og eige arkiv frå 1/1 1817. Arkivet etter stiftamtmannen i Bergen er på 222 hyllemeter og dekkjer tidsrommet frå Bergensbrannen i 1702 til embetet vart avskipa i 1918. Av 1600-tallssaker er det att berre små restar.

Arkivinstitusjoner: