Ein fekk den første kommunale kinoen i Norge i 1911. I 1913 fekk ein Lov om offenleg framsyning av kinomatografarbilete. Kommunestyret fekk med denne, avgjerande makt i spørsmålet om oppretting av kinodrift. Dette førte til ei utvikling mot eit stort omfang kommunale kinoar. I 1947 hadde ein 117 kommunale kinoar i landet.