Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/K-1258
1871 - 1964

Herdla vart eigen heradskommune frå 1871, då den vart utskilt frå Manger heradskommune. Fram til 1917 var namnet Herlø. Då vart det ved kongeleg resolusjon av 03.11.1917 endra til Herdla. Ved kommunesamanslåinga gjeldande frå 1964 gjekk mesteparten av Herdla kommune inn i den nye Øygarden kommune. Kommunen låg på fleire øyar i Nordhordland, og før kommunesamanslåinga i 1964 grensa Herdla i sør mot kommunane Fjell og Askøy, i aust mot Meland, i nord mot Manger, og mot nordvest ut mot havet grensa Herdla til Hjelme kommune. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Manger formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838. " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved kgl. res av 01.10.1870 vart Herlø delt i frå Manger , og vart eigen heradskommune med sams grenser som Herlø prestegjeld, gjeldande frå 01.01.1871. " hvorved bestemmes: At Manger Herred i Nordhordland Fogderi, søndre Bergenhuus Amt, fra 1ste Januar 1871 deles i tvende Herreder, saaledes at hvert af Herredets 2de Præstegjelde, Manger og Herlø, kommer til at udgjøre et eget Herred med særskilt Fattig- og Skolevæsen." Ved kgl.res.av 03.11.1917 vart namnet på heradskommunen endra frå Herlø til Herdla. Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland, til liks med resten av landet. Deler av Herdla kommune vart lagt til kommunane Meland, Askøy og Fjell. Resten vart slått saman med Hjelme kommune, og fekk namnet Øygarden kommune. Herdla Kgl.res. av 05.07.1963 " om at dei endringane i inndelinga for kommunane Herdla, Hjelme, Meland, Sæbø, Askøy, Hamre og Fjell i Hordaland fylke som vart vedtekne ved kongeleg resolusjonar av 7. september 1962 og 1.februar 1963, jfr. stortingsvedtak 15. mai 1963, vert gjennomført frå 1. januar 1964. Til Meland kommune vert lagt: a) Herdla kommune sine område på Holsnøy b) (....) c) Til Askøy kommune vert lagt: a) Herdla kommune sine område på Askøy og Herdla øy b) ( ....) Til Fjell kommune vert lagt: Misje og Turøy frå Herdla kommune. Resten av Herdla kommune vert slege saman med Hjelme kommune. (...) " Kgl.res. av 04.10.1963: " I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett: Den nye heradskommunen i Hordaland fylke som ved kongeleg resolusjon 1. februar 1963, jfr. stortingsvedtak 15. mai 1963, er skipa ved samanslåing av Herdla ( unnateke Bognøy, Turøy, Misje og områda på Holsnøy, Askøy og Herdla øy) og Hjelme kommunar, får namnet Ø y g a r d e n."

Arkivinstitusjoner: