Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/K-1235
1838 -

Voss vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Kommunnen ligg i Hordaland fylke, og grensar etter 1964 til kommunane Ulvik, Granvin og Kvam i sør. I vest og nordvest går grensa mot Vaksdal kommune. Voss kommune grensar i aust til Aurland kommune og i nord til Vik kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Voss formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838. Gjeldande frå 1866 vart Vossestrand prestegjeld med soknene Vinje og Oppheim utskilt frå Voss prestegjeld. Ved kgl.res. av 24.07.1867 vart vedtaket i heradstyret om frådeling av Vossestrand til eigen heradskommune godkjent: " 1) At den af den felles Kommunebestyrelse for Voss og Vossestrandens Præstegjeld i søndre Bergenhus Amt under 17 Januar d.a. fattede Beslutning om Deling av Heredet i Henhold til Lov av 25 Februar 1860 § 1 approberes, saaledes at hvert av disse Præstegjelde fra 1 Januar 1868 at regne kommer til at udgjøre et eget Herred - dog med Forbehold af at denne Foranstaltning ingen virkning tillegges med Hensyn til den ifølge Lov av 6 Juni 1863 stedfindende Revisjon av Matrikulen." Gjeldande frå 1885 vart Evanger sokn skild ut frå Voss heradskommune, og vart eigen heradskommune. Evanger sokn låg i eit anna tinglag enn resten av Voss heradskommune, og i samsvar med formannskapsloven 1837 § 1 siste pkt. var det heimel for dette. Av Voss heradskommune frå 1838 var det no berre Vangen sokn som var att, og vanlegvis ville kommunen fått same namnet som sokna. For at kommunen framleis kunne hald på namnet Voss, måtte det gjerast vedtak om dette. Ved kgl.res. av 09.01.1886 vart det fastsett at namnet framleis skulle vera Voss og ikkje Vangen heradskommune, og såleis fekk kommune og prestegjeld sams namn som før. " Kongelig resolusjon av 9. januar 1886, hvorved bestemmes at Vangens herred, thinglag og lensmandsdistrikt i Hardanger og Voss fogderi, Søndre Bergenhus amt, for eftertiden bliver at benævne Voss herred, thinglag og lensmandsdistrikt. " Ved kongelig resolusjon av 26. oktober 1901 vart det overført ein del slåtteteiger og fjellstøler fra Voss til Evanger herad sin matrikel. " hvorved er bestemt: 1. At de under G.N. 2 B.N. 1 og 2 Eide, G.N. 4 B.N. 1, 2 og 3 Vestreim, G.N. 6 B.N. 1 og 2 Lisseim, G.N. 11 B.N. 1 Flage ytre, G.N. 12 B.N. 1 og 2 Flage indre samt gnr. 254 B.No. 1 Skylje i Voss Herred matrikulerede, men i Evanger Herred beliggende Slaatteteige og Fjeldstøler ved paa offentlig Bekostning afholdte Skylddelingsforretninger bliver at fraskille ovennævnte Gaarde i Voss og overføre til Evanger herreds Matrikul." Gjeldande frå 1964/65 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland, til liks med resten av landet. Ved kgl.res. av 2. mars 1962 vart dette vedtaket gjort for Voss heradskommune sitt vedkomande: " I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett: 1) Kommunane Voss, Vossestrand og Evanger ( med unntak som nevnt under pkt. 2) i Hordaland fylke vert slegne saman til ein heradskommune. 2) Eksingedalen sokn av Modalen kommune og Evanger kommune sine områder i Eksingedalen (eigedomane under gnr. 31-38) og i Bergsdalen (eigedomane under gnr. 69-79 vert overført til Bruvik kommune i same fylke. 3) Tidspunktet for gjennomføring av desse inndelingsendrinane vert fastsett seinare." Ved kgl.res. av 19.april 1963 vart det gjort vedtak om tidpunkt og namn: " Kongeleg resolusjon av 19. april 1963 om at den ved kongeleg resolusjon av 2. mars 1962 vedtekne samanslåinga av Evanger, unnateke kommunen sine område i Eksingedalen og Bergsdalen, Voss og Vossestrand kommunar i Hordaland fylke til ein heradskommune blir gjennomførd frå 1. januar 1964. Namnet på den nye kommunen blir fastsett til Voss. "

Arkivinstitusjoner: