Modalen vart eigen heradskommune i 1910, då den vart utskilt frå Hosanger heradskommune. Modalen ligg i Norhordland, og etter kommunesamanslåinga i 1964 er kommunegrensa i sør mot Vaksdal, i sørvest mot Lindås og vest mot Masfjorden. Modalen grensar mot Sogn og Fjordane fylke slik: I vest, nord og aust mot Høyanger kommune, i aust mot Vik kommune. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Hosanger formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838. " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved kgl.res. av 17.11.1909 vart soknene Mo og Eksingedalen frådelt Hosanger heradskommune, og vart eigen heradskommune med namnet Modalen. " Ved kongelig resolution av 17de november 1909 er det bestemt: 1. At Hosanger herred i Søndre Bergenhus amt fra den tid, som av amtmanden bestemmes, paa de av herredstyret i møte den 5te oktober og 7de november 1908 samt 15de februar 1909 vedtagne vilkaar deles i to herreder, nemlig Hosanger herred, svarende til Hosanger sogn, og Modalen herred, svarende til Mo og Eksingedalen sogne. 2. At der i henhold til landsformandskabslovens § 63 meddeles amtmanden bemyndigelse til at la avholde ekstraordinære kommunevalg for de nye herreder til utkaarelse av det fornødne antal representanter med suppleanter i henhold til nævnte loves § 1 med funktionstid indtil udgangen av aaret 1910, samt at valgstyrene bemyndiges til at fastsette de ændringer med hensyn til formandskapslovers frister vedrørende valg, som maatte findes fornødne. " Vedtaket vart gjort gjeldande frå 1. januar 1910. Gjeldande frå 1964 skjedde det detore endringar i kommuneinndelinga i Hordlande fylke, til liks med resten av landet. Modalen heldt fram som eigen kommune, men nedanfornemnde område vart overført til andre kommunar. Ved kgl.res. av 07.09.1962 vart det gjort vedtak om at eigedommane under gnr. 70 Nipo, gnr. 71 Dyrkolbotn og gnr.72 Eitrdalen av Modalen kommune skulle leggjast til den nyskipa Lindås kommune, ved kgl.res. av 21.06.1963 gjeldande frå 1. januar 1964. Ved kgl.res. av 05.07.1963 vart Eksingedalen sokn i Modalen kommune overført til dåverande Bruvik kommune. " om at overføringa til Bruvik kommune i Hordaland fylke av Eksingedalen sokn frå Modalen kommune og Evanger kommune sine område i Eksingedalen og Bergsdalen, alt i dame fylket, vert gjennomførd frå 1. januar 1964. Namnet på den utvida kommunen vert fastsett til V a k s d a l. Kjelder: Norsk Lovtidende/Departementstidende ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt) 10.12.1997 ÅES