Os vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Kommunen ligg Hordaland fylke og grensar i nord til Bergen kommune, i aust til Samnanger og Fusa. I sør grensar Os mot Tysnes kommune med Bjørnefjorden som naturleg grense, og i sørvest mot Austevoll kommune, med Korsfjorden og Bjørnefjorden som naturleg grense. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Os formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838. " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved kgl.res. av 24.01.1855 vart Os prestegjeld delt i to, slik at Fusa vart eige prestegjeld med soknene Fusa, Hålandsdalen og Strandvik. I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart dermed Fusa eige formannskapsdistrikt, og seinare heradskommune. Ved resolusjon av 02.12. 1906 vart det vedteke at Samnanger skulle delast frå til eigen heradskommune. " Den norske regjerings resolusjon av 3. desember 1906, hvorved det bestemmes, at Os herred i søndre Bergenhus amt fra den tid, som af amtmanden bestemmes, paa de af herredstyret i møder den 10de januar og 13de august 1906 vedtagne vilkaar deles i to herreder, Os herred og Samnanger herred, svarende til sognene af samme navn." Ved kgl.res. av 5. oktober 1962 vart Bogstrand i Fusa kommune lagt til Os kommune. " Kongeleg resolusjon av 5. oktober 1962 om at kommunane Fusa (med unnatak av Bogstrand), Hålandsdal og Strandvik i Hordaland fylke vert slegne saman til ein heradskommune, og om at Bogstrand av Fusa kommune vert lagd til Os kommune i same fylke. " Kjelder: Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Departementstidende, Norsk lovtidende m.m. ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt) 1997 ÅES .