Anton Johannesens vidaregåande skule (tidlegare Ant. Johannesens Handelsskule) vart skipa i Kristiania (Oslo) i 1893 av Anton Fossum Johannesen, som privatskule for handelsfag. Skulen vart flytta til Bergen i 1901 og heldt til i leigde lokale i Kong Oscars gate 18. Skulen flytta lokasjon til Domkirkegaten 6, før den i 1906 kunne flytte inn eiget hus i Nygaten 9 i 1906. Halfdan Kjerulfs gate 8 kom i tillegg i 1963. Skulen vart populært kalla «Amberen». Oskar Albert Jahnsen og hustru Marie eigde og dreiv skula i perioden frå 1957- 1979. Siviløkonom Gunnar Anfinsen, som tidlegare hadde vore skulen sin konsulent, overtok drifta frå 1980. Med Markedsføringsskolen som han starta i 1967, i tilknyting til handelsskulen, vart marknadsføring introdusert som eiget skulefag for første gang i Bergen. Studietilbodet (handels- og kontorfag og marknadsføring) vart i 1970-åra, utvida frå eitt til tre år, samtidig som skula endra namn til Ant. Johannesens Vidaregåande Skule. Fylkeskommunen kjøpte undervisningstilbod innan handels- og kontorfag frå 01.01.1972. Avtale frå 15.01.1983. Anfinsen oppretta A/S Skoledrift for undervisningsverksemd, men heldt skulebygningane privat. Drifta vart overteke av Hordaland fylkeskommune frå hausten 1991. Anfinsen var rektor ved skulen. I skuleåret 1994/95 vart skulen slått saman med Bergens Handelsgymnasium, då med sistnemnte skule sin rektor som styrar for begge skulane. Skulebygninga vart overteken av Danielsen skoler i 1996 ved Egill Danielsen Stiftelse. Kjelder: https://www.bergenbyarkiv.no/bergenbyleksikon/arkiv/1420100