Fusa vart eigen heradskommune frå 1855, då den vart utskilt frå Os heradskommune. Etter kommunesamanslåinga i 1964 gjekk kommunane Strandvik og Hålandsdal inn att i Fusa kommune. Namnet på kommunen var Fuse fram til 1917, då det vart endra til Fusa. Kommunen ligg i Hordaland fylke, og grensar i nord til Samnanger kommune, i aust til Kvam, i sør til Kvinnherad og Tysnes og i vest til Os kommune. Bjørnefjorden går som naturleg grense mellom kommunane Tysnes, Os og Fusa. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 skulle kvart prestegjeld på landet utgjera eit formannskapsdistrikt. " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. I 1838 høyrde soknene Fusa, Hålandsdalen og Strandvik til Os formannskapsdistrikt, som fekk sams grenser som Os prestegjeld. Ved kgl.res. av 24.01.1855 vart Os prestegjeld delt i to, slik at Fusa vart eige prestegjeld med soknene Fusa, Hålandsdalen og Strandvik. I samsvar med formannskaps-lovene av 1837 § 1 vart dermed Fusa eige formannskapsdistrikt, og seinare heradskommune. År 1855 den 30. juni ” foretage Fuse Prestegjelds Formænd for at foretage Valg på Ordfører og Viseordfører for Fuse Prestegjelds Formandskab, til Ordfører valgtes: Hans Christian Kruger med 4 Stemmer og til Viseordfører: Hans Hansen Hauge med 4 Stemmer.” År 1855 den 31. august er Fuse Prestegjelds formenn og representantar samla til møte, viser møteboka. Ved resolusjon av 23.10.1900 vart Fusa herad delt inn i 3 skulekommunar: " Kronprindsregentens resolusjon av 23. oktober 1900, hvorved bl. a. i henhold til lov om folkeskolen paa landet af 26de juni 1889 § 80 bestemmes, at Fuse herred - overensstemmende med Fuse herredstyres beslutning af 25de mai 1899 fra 1ste januar 1901 deles i 3 skolekommuner: Fuse, Strandvik og Haalandsdalen, svarende til sognene af samme navn." Ved kgl.res. av 08.03.1902 vart Hålandsdalen sokn eigen heradskommune, samstundes som Strandvik sokn vart eigen heradskommune: " hvorved er bestemt 1) At Fuse herred i Søndre Bergenhus amt paa de i herredstyrets møde den 16de mars 1901 vedtagne vilkaar deles i 3 herreder, Fuse, Haalandsdalen og Strandvik, svarende til sognene af samme navn. 2) At det overlades til amtmanden at bestemme tiden for delingens ikrafttræden." Vedtaket vart gjort gjeldande frå 01.01.1903. Ved kongelege resolusjon av 3. november 1917 ” ble herredets navn endret fra Fuse til Fusa” Ved kgl.res. av 5. oktober 1962 vart kommunane Hålandsdal og Strandvik lagt til Fusa kommune. " Kongeleg resolusjon av 5. oktober 1962 om at kommunane Fusa (med unnatak av Bogstrand), Hålandsdal og Strandvik i Hordaland fylke vert slegne saman til ein heradskommune, og om at Bogstrand av Fusa kommune vert lagd til Os kommune i same fylke. " Ved kgl.res. av 26. april 1963 vart det gjort vedtak om at ovanfornemnde samanslåing skal gjelda frå 01.01.1964. " Kongleg resolusjon om at fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke som vart vedtekne ved kongeleg resolusjon av 5. oktober 1962, blir gennomført frå 1. januar 1964. 1) Samanslåing av Fusa (unnateke Bogstrand), Hålandsdal og Strandvik kommunar til ein heradskommune. 2) Overføring av Bogstrand frå Fusa til Os kommune. Namnet på den nye felleskommunen blir fastsett til Fusa." Kjelder: Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Departementstidende, Norsk lovtidende m.m. ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt) 1997 ÅES