Langøy Kystkultursenter er ei stifting som driv ein tradisjonsrik handelsstad på Langøy, i Fjell kommune vest på Sotra. Landhandelen var i drift frå 1878 til 1973, og forsynte dei omkringliggjande gardene med nødvendige dagligvarer. Standen hadde også bakeri og naust i tillegg til landhandelen. Stiftinga restaurerte bygningane, og drev ein kafé i sommerhalvåret. Senteret var åsted for ulike kulturarrangement, ofte i samband med kystsogevekene. I 2014 vart verksemda på den gamle handelsstaden teken over av private hender.