IKA Hordaland oppbevarer avslutta personregisterarkiv etter Kvam herad. Dei eldre kommunearkiva og administrative arkiv står i arkivdepot i heradet. ---------------- Kvam vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Fram til 1912 var kommunenamnet Vikør. Då vart det endra til Kvam ved Den norske regjerings resolusjon av 1. desember 1911. Frå 1965 gjekk Strandebarm og deler at Jondal kommunar inn i Kvam, i tillegg til fleire andre endringar i kommuneinndelinga. Kommunen ligg i Hardanger i Hordaland fylke på nordsida av Hardangerfjorden, og grensar etter 1965 til kommunane Fusa og Samnanger i vest, Vaksdal og Voss i nord og Granvin i aust. På sørsida av Hardangerfjorden grensar Kvam til kommunane Ullensvang og Jondal, og til Kvinnherad kommune lengst i sør. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Vikør formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838. ” I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab...” Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved kgl.res. av 17. mai 1862 vart Vikøy formannskapsdistrikt delt i 2 skulekommunar, Vikøy og Øystese: ” (--) hvorved Samtykke i Henhold til Almueskoleloven af 16de Mai 1860 § 15 meddeles til, at det af Vigør Hovedsogn og Østensø Unnersogn bestaaende og til eet Formandskabsdistrikt henhørende Wigørs Præstegjeld i Hardanger og Voss Provsti i Bergens Stift deles i to Skolekommuner, saaledes at hvert af de to nævnte Sogne kommer til at udgjøre en særskilt Skolekommune.” Den norske regjerings resolusjon av 1. desember 1911 gjorde vedtak om endring av namn til Kvam heradskommune: ” hvorved bestemmes at det geistlige og civile inndelingsnamn Vikør i Søndre Bergenhus amt forandres til Kvam.” Ved kgl.res. av 25. mars 1938 vart Vikøy og Øystese fattigdistrikter ein fattigkommune. ” I henhold til § 50 i lov om fattigvesenet av 19. mai 1900 meddeles samtykke til at Vikøy og Øystese fattigdistrikter i Kvam herred, Hordaland fylke, sluttes sammen til en fattigkommune.” Gjeldande frå 1964/1965 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland, i likskap med resten av landet. Kgl. res. av 29. mai 1964: ” I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett: I. Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Ytre Hardanger og Indre Sunnhordland som Stortinget i vedtak den 27. februar 1964 ved handsaminga av St. prp. nr. 106 (1962-63), har gitt samtykke til, vert gjennomførde frå 1. januar 1965: 1) Kommunene Kvinnherad, Fjelberg og Varaldsøy (untatt den delen av Mundheim krets’ fastlandsdel som ligger nord for eiendommene under gnr. 1-4) og den delen av Skånevik kommune som ligger nord for Skåneviksfjorden/Åkrafjorden østover til og med Åkra, sluttes sammen til en herredskommune.Grensen ved delingen av Skånevik nordside trekkes fra sjøen mellom gårdene Åkra, gnr. 53, og Vågen, gnr. 54, på den ene side og gården Kalvik, gnr. 55, på den andre side, videre mellom gården Åkra og gården Kvandal, gnr. 56, frem til grensen mellom soknene Holmedal og Åkra og videre langs denne soknegrense fram til herredsgrensen mot Kvinnherad. 2) Etne kommune og resten av Skånevik kommune sluttes sammen til en herredskommune. 3) De deler av kommunene Kvam, Jondal og Strandebarm som ligger på nordvestsiden av Hardangerfjorden, og den delen av Mundheim krets’ fastlandsdel som ligger nord for eiendommene under gnr. 1-4, sluttes sammen til en herredskommune. 4) Kysnesstranda i Strandebarm kommune overføres til Jondal kommune (på Folgefonnhalvøya). 5) Åsgrenda krets i Kvam kommune overføres til Ullensvang kommune. II. Den omregulerte Jondal kommune skal framleis ha namnet Jondal. Dei tre nye kommunane under 1-3 skal ha namna: Kvinnherad, Etne og Kvam."