Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/K-1222

Fitjar vart eigen heradskommune i 1860. Fitjar ligg i Sunnhordland. Mesteparten av kommunen ligg nord på øya Stord, medan resten er spreidd på eit uttal av små og store øyar. Etter kommuneinndelinga i 1964 grensar kommunen i sør og søraust til Stord, i aust og nord til Tysnes, i nordvest mot Austevoll og i sørvest og sør til Bømlo. Før 1964 høyrde også søraustsida av øya Selbjørn og Huftarøy til Fitjar. Fram til 1898 var kommunenamnet Fitje. Då vart det endra til Fitjar ved kongeleg resolusjon av 26.mars 1898, "hvorved er bestemt, at Fitje prestegjæld og sogn, herred, lensmandsdistrikt og thinglag i Søndre Bergenhus Amt for eftertiden bliver at benævne Fitjar prestegjæld og sogn, herred, lensmandsdistrikt og thinglag." Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslova av 1837 § 1 skulle kvart prestegjeld på landet utgjera eit formannskapsdistrikt. Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskaps- distrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. I 1838 høyrde Fitje sokn til Stord formannskapsdistrikt, som fekk sams grenser med Stord prestegjeld. Gjeldande frå 1860 vart Fitje sokn skild ut som eigen heradskommune. Hausttinget 24. septembet 1859, som vart halde på tingstaden Godøysund i Tysnes tinglag, gjorde vedtak om at Fitje sokn skulle verta eige formannskapsdistrikt frå 1. januar 1860. Soknet låg i eit anna tinglag, Våg tinglag, enn resten av Stord prestegjeld, og kunne i samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 med stemmefleirtal gjera vedtak om å verta eige formannskapsdistrikt. Dette gjaldt for heile soknet, også for den delen som låg i Føyen tinglag. Bakgrunnen for søknaden om å skilje ut Fitje sokn som eige formannskapsdistrikt finn ein i møteboka for Stord formannskap 4. september og 4. november 1858. Det vert mellom anna vist til vanskar med å nå fram til møta i sunnhetskommisjonen, på grunn av den lange og tunge sjøvegen til møtestaden Leirvik. Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordland fylke, til liks med resten av landet. Fitjar heldt fram som eigen kommune, men nedanfornemnde område vart overført til Austevoll kommune. "Kgl.res. av 26.april 1963 om at dei områda som Fitjar kommune i Hordaland fylke har på Huftarøy og Selbjørnøy skal leggjast til Austevoll kommune i same fylke." Kgl.res. av 6. juni 1963 fastsette at overfornemnte overføring skulle gjerast gjeldande frå 1. januar 1964. Kjelder: Norsk Lovtidende/Departementstidende ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt) 1997 ÅES

Arkivinstitusjoner: