1771 - 1847

Hulleborg Langballe var fødd 1771 i ein velståande borgarfamilie i Stavanger og døydde 1847 i Nedstrand. Foreldra var gullsmed Anders Hansen Smidt og Anna Margretha Isaksdotter Krass. Hulleborg gifta seg 1792 i Stavanger med Hans Chistopher Langballe (1762-1843) frå Nedstrand. Familien hadde slektstilknyting til embetsmanns- og borgarfamiliar i Stavanger. Hans Christopher overtok slektseigedommen ved bryggja på Nedstrand med gardsbruk, gjestgiveri og landhandel. Hulleborg fekk ein travel kvardag som mor, husmor og vertinne i gjestgivargarden på Nedstrand. Ho fekk åtte barn mellom 1794 og 1809. Tre døydde små. Sonen Mechael eller Mikael, fødd 1796, var den som skreiv av koke- og fargeboka til mora. Dette må ha skjedd etter at han var vaksen. Boka er ikkje skriven med barneskrift. Det er ikkje kjent om dette var Hulleborg Langballe sine eigne oppskrifter, eller om dette er ei samling avskrifter frå ei eller fleire trykte koke- og fargebøker. Fleire ting tyder på at boka ikkje var ei direkte avskrift frå ei eller fleire andre bøker. Michael skreiv nemleg på tittelbladet at boka var Reenskrevet for Min Moder. Om dette var ei avskrift frå ei eller fleire trykte bøker, ville truleg Michael formulert seg på ein annan måte. Dessutan er oppskriftene innskrivne på ein litt tilfeldig måte i boka. Kanskje var det Maren Sophie, eldste søster til Michael, som overtok boka. Ho skreiv i alle fall namnet sitt på tittelbladet fremst. Koke- og fargeboka har også nokre oppskrifter med ei anna handskrift enn Michael si, og ei oppskrift som ein tredje person har ført inn. Kanskje er dette handskrifta til søstera.

Arkivinstitusjoner: