Virksomhet-ikon
Sti:
IKAH/K-1212
1838 - 1964

Skånevik kommune låg på begge sider av Skånevikfjorden og Åkrafjorden i Sunnhordland. Kommunen grensa i aust mot Odda kommune, i sør mot Rogaland fylke og Etne kommune, i vest mot Fjelberg kommune og i nord mot Kvinnherad kommune. Skånevik kommune hadde eit areal på 586 km², og eit folketal på 2.900 innbyggjarar i 1954. Frå 1.01.1965 vart kommunen delt mellom Etne og Kvinnherad kommunar. Kommuneinndelinga Formannskapslovene la den eksisterande kyrkjelege administrative inndelinga til grunn for organiseringa av lokalstyret. Ein viktig grunn til dette var nok at dei to lokale styra ein alt hadde, skule- og fattigkommisjonane, var organisert med prestegjeldet eller soknet som arbeidsområde. I Skånevik var skulestellet felles for prestegjeldet, medan dei tre sokna var eigne fattigkommunar. Matrikkellova av 1863 innførte nemninga heradskommune for formannskapsdistrikta. Etter kvart som særkommunane fall bort vart nemninga kommune den vanlege. Ved kgl. res. av 15.10.1929 vart gnr. 20 bnr. 3 overført frå Holmedal sokn til Kvinnherad kommune. Ved kongeleg resolusjon av 29.mai 1964 vart Skånevik heradskommune delt mellom Etne og Kvinnherad kommunar, gjeldande frå 01.01.1965, slik som det går fram av resolusjonen nedanfor: "I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett: I Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Ytre Hardanger og Indre Sunnhordland som Stortinget i vedtak den 27. februar 1964 ved handsaminga av St. prp. nr. 106 (1962-63), har gitt samtykke til, vert gjennomførde frå 1. januar 1965: 1) Kommunene Kvinnherad, Fjelberg og Varaldsøy (unntatt den delen av Mundheim krets' fastlandsdel som ligger nord for eiendommene under gnr. 1-4) og den delen av Skånevik kommune som ligger nord for Skånevikfjorden/Åkrafjorden østover til og med Åkra, sluttes sammen til en herredskommune. Grensen ved delingen av Skånevik nordside trekkes fra sjøen mellom gårdene Åkra, gnr. 53, og Vågen, gnr. 54, på den ene side og gården Kalvik, gnr. 55, på den andre side, videre mellom gården Åkra og gården Kvandal, gnr. 56, frem til grensen mellom soknene Holmedal og Åkra og videre langs denne soknegrense fram til herredsgrensen mot Kvinnherad. 2) Etne kommune og resten av Skånevik kommune sluttes sammen til en herredskommune.(--) II. (--). Dei tre nye kommunane under 1-3 skal ha namna: Kvinnherad, Etne og Kvam".

Arkivinstitusjoner: