Musikk- og kulturskulen vart vedtatt som eit lovfesta kommunalt tilbod av Stortinget i 1997: «Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles.» Skulen har sin heimel i opplæringslova av 17. juli 1998 § 13-6. Musikk- og kulturskulen gjer opplæring innan kunst- og kulturfag, og er tilpassa ulike aldersgrupper. Målet er å bidra til å bygge den estetiske, sosiale og kulturelle kompetansen til barn og unge, samt å utvikle evne til kritisk refleksjon og sjølvstendige val. Skulen har sine røter i dei kommunale musikkskulane som etablerte seg på 1950-og 1960-talet. I 1990-åra vart innhaldet i musikkskulane utvida med andre kulturelle uttrykk som dans, drama og teater, bildekunst, litteratur, kulturminnevern og husflidteknikkar. Skulane endra da namn til musikk- og kulturskular. Kommunen kan sjølv bestemme innhaldet og omfanget av tilbodet i musikk- og kulturskulen. Dette medfører ein variasjon i musikk- og kulturskuletilbodet rundt om i landet. Det er vidare opp til kommunane om dei ønsker å stå for tilbodet aleine, eller om dei ønsker å samarbeide med andre kommunar om eit musikk og kulturtilbod til barn og unge. Arkiv etter denne arkivskaparen inneheld som regel møtebøker, kopibøker, postjournalar, saksarkiv, elevmapper, rekneskap og foto, film og lydopptak.

Arkivinstitusjoner: