Manger vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Etter kvart vart soknene Herdla, Hjelme, Sæbø og Hordabø delt i frå til eigne sjølvstendige heradskommunar. Ved kommunesamanslåinga gjeldande frå 1964 gjekk Manger kommune inn i den nye Radøy kommune, saman med kommunane Sæbø og Hordabø. Kommunen låg i Nordhordland, og før kommunesamanslåinga i 1964 grensa dåverande Manger mot Hordabø kommune i nord, til Lindås i aust, til Sæbø i sør og til Hjelme kommune i vest. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Manger formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838. " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved kgl. res av 01.10.1870 vart Herlø delt i frå Manger, og vart eigen heradskommune med sams grenser som Herlø prestegjeld, gjeldande frå 01.01.1871. " hvorved bestemmes: At Manger Herred i Nordhordland Fogderi, søndre Bergenhuus Amt, fra 1ste Januar 1871 deles i tvende Herreder, saaledes at hvert af Herredets 2de Præstegjelde, Manger og Herlø, kommer til at udgjøre et eget Herred med særskilt Fattig- og Skolevæsen." Ved kgl.res. av 11.05.1909 vart Hjelmen sokn utskilt frå Manger heradskommune, og vart eigen heradskommune. " hvorved Manger herred, Søndre Bergenhus amt, fra den tid, som av amtmanden nærmere bestemmes, paa de av herredstyret i møter den 21. oktober 1907 og 28. oktober 1908 vedtagne vilkaar, deles i to herreder, nemlig Manger herred, omfattende de nuværende Manger, Bø og Sæbø sogn, og Hjelmen herred, omfattende det nuværende Hjelmen sogn. " Ved kgl.res. av 15.02.1924 vart Manger heradskommune delt i tre. Soknene Manger, Sæbø og Bø vart eigne heradskommunar. " hvorved fra den tid fylkesmannen i Hordaland bestemmer: Manger herred deles i 3 nye herreder, Manger, Sæbø og Bø, svarende til de nuværende sogn av samme navn, med det av Hordaland fylkesting i møte 11. juni 1923 tatte forbehold med hensyn til skolekretsenes inndeling og forøvrig på de av Manger herredstyre i møter 22 januar og 20 desember 1923 besluttede delingsvilkår." Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland, til liks med resten av landet. " Kgl. res. av 7. september 1962 om at det skal gjerast fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke: 1) Hordabø, Manger og Sæbø kommunar (med unntak av Titland krins av Sæbø), Sletta krins av Lindås kommune, Straume krins med Fesøy av Austrheim kommune, og Bognøy av Herdla kommune skal skipa ein heradskommune. " Kgl.res. 21. juni 1963 fastset at ovenståande sammenslåing skal gjerast gjeldende fra 1. januar 1964. Klg.res. av 09.08.1963 fastset at den nye kommunen får namnet Radøy. Kjelder: Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Departementstidende ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt) Des.1997 ÅES