Strandvik var eigen heradskommune frå 1903, då den vart utskilt frå Fusa heradskommune. Etter kommunesamanslåinga i 1964 gjekk kommunane Strandvik og Hålanddal inn att i Fusa kommune. Kommunen låg Hordaland fylke og grensa i nord til Fusa kommune, i nordaust til Hålandsdal, i aust til Vardalsøy, i sør til Kvinnherad og i sørvest og nordvest til kommunane Tysnes og Os, med Bjørnefjorden som naturleg grense. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 skulle kvart prestegjeld på landet utgjera eit formannskapsdistrikt. " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved kgl.res. av 24.01.1855 vart Os prestegjeld delt i to, slik at Fusa vart eige prestegjeld med soknene Fusa, Hålandsdalen og Strandvik. I samsvar med formannskaps-lovene av 1837 § 1 vart dermed Fusa eige formannskapsdistrikt, og seinare heradskommune. Ved resolusjon av 23.10.1900 vart Fusa heradskommune delt inn i 3 skulekommunar: " Kronprindsregentens resolusjon av 23. oktober 1900, hvorved bl. a. i henhold til lov om folkeskolen paa landet af 26de juni 1889 § 80 bestemmes, at Fuse herred - overensstemmende med Fuse herredstyres beslutning af 25de mai 1899 fra 1ste januar 1901 deles i 3 skolekommuner: Fuse, Strandvik og Haalandsdalen, svarende til sognene af samme navn." Ved kgl.res. av 08.03.1902 vart Strandvik sokn eigen heradskommune, samstundes som Hålandsdal sokn vart eigen heradskommune: " hvorved er bestemt 1) At Fuse herred i Søndre Bergenhus amt paa de i herredstyrets møde den 16de mars 1901 vedtagne vilkaar deles i 3 herreder, Fuse, Haalandsdalen og Strandvik, svarende til sognene af samme navn. 2) At det overlades til amtmanden at bestemme tiden for delingens ikrafttræden." I møte 05.04.1902 i Fusa heradsstyre sak 45 var det frå amtmannen kome førespurnad om uttalelse til kva tid delinga skulle iverksetjast. Heradstyre gjorde vedtak om 1.januar 1903, og ved godkjenning av vedtaket av 18.04.1902 har amtmannen "Intet at bemerke". Ved kgl.res. av 5. oktober 1962 vart kommunane Hålandsdal og Strandvik lagt til Fusa kommune. " Kongeleg resolusjon av 5. oktober 1962 om at kommunane Fusa (med unnatak av Bogstrand), Hålandsdal og Strandvik i Hordaland fylke vert slegne saman til ein heradskommune, og om at Bogstrand av Fusa kommune vert lagd til Os kommune i same fylke. " Ved kgl.res. av 26. april 1963 vart det gjort vedtak om at ovanfornemnde samanslåing skal gjelda frå 01.01.1964. " Kongleg resolusjon om at fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke som vart vedtekne ved kongeleg resolusjon av 5. oktober 1962, blir gennomført frå 1. januar 1964. 1) Samanslåing av Fusa (unnateke Bogstrand), Hålandsdal og Strandvik kommunar til ein heradskommune. 2) Overføring av Bogstrand frå Fusa til Os kommune. Namnet på den nye felleskommunen blir fastsett til Fusa." Kjelder: Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Departementstidende, Norsk lovtidende m.m. ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt) 09.12.1997 ÅES