Evanger vart eigen kommune 1. januar 1885, og gjekk inn i Voss kommune 1. januar 1964. Då formannskapslovene kom i 1837 var hovudregelen at eit prestegjeld skulle utgjera eit formannskapsdistrikt. Ved matrikuleringslova av 1863 fekk dette nemninga herad når det galdt landkommunane. Vangen formannskapsdistrikt fekk samanfallande grenser med Voss prestegjeld, med soknene Evanger, Vangen, Vinje og Oppheim. Ved kgl. res. av 09. januar 1886 skifta Vangen herad namn til Voss herad. I møteboka frå Voss heradstyre er det i møte 13. juni 1882 sak 17 gjort fylgjande vedtak: - " Vangens Sogn bevirker i Henhold til Formandskabslovens § 1 skildt fra Evangers således, at hvert af dem danner eget Formandskabsdistrikt. Til Iverksættelse heraf anmodes Fogden om paa førstkommende Skatteting at foranstalte den i denne Anledning paabudte Afstemning af Vangens Sogns stemmeberettigede paa den i nævnte Lovsted bestemte Maade." I innstillinga er det sagt at " Formandskabslovens § 1 sidste Punktum hjemler en Deling som omhandles, i det hvert av Sognene danner eget Thinglag." Frå 1. januar 1865 vart Evanger skild ut frå Vangen (Voss) som eigen kommune. Det var ikkje turvande med kgl.res. når den frådelte kommunen frå før av var eige tinglag. Ved kgl.res. av 10. oktober 1891 vart Evanger eige prestegjeld. - " Fra 1ste januar 1892 bliver Evanger unnersogn til Voss præstegjeld under Hardanger og Voss proivsti i Bergen stift at fraskille præstegjeldet for at overgaa til et eget Evanger præstegjeld. " - Ved kgl. res. av 26. oktober 1901 vart det overført ein del slåtteteigar og fjellstølar frå Voss til Evanger kommune sin matrikkel. Kommunen hadde i 1959 eit areal på 549 km2 og grensa til dåverande Vossestrand, Voss, Kvam, Samnanger, Bruvik og Modalen kommunar. Dalføra Bergsdalen, Teigdalen og Øvre Eksingedalen frå garden Fosse til Gullbå høyrde til Evanger kommune.. Det var høge, veglause fjellovergangar mellom busetnaden i desse dalane og kommunesenteret, som låg i bygda Evanger, der soknekyrkja også var. Før tida med tog og bil, var det gangvegane over fjellet, eller fjorden og Evangervatnet som var sambandet i kommunen. Her gjekk eller rodde futen og lensmannen for å utføra sine tenester ute i bygdene, og motsett veg for innbyggjarane som måtte nå fram til Evanger for kyrkjelege handlingar, eller for å gjera sine plikter som formenn og representantar i heradstyret og andre kommunale ombod. Evanger fekk eige kommunehus i 1937. Då jarnbana fekk sine spor gjennom bygdene ved fjorden og Vossavassdraget, auka folketalet og busetnaden. Etter kvart kom det til vegar gjennom dalføra i kommunen. Bergsdalen fekk vegsamband med Dale i Bruvik, og vidare der i frå med tog. Eksingedalen hadde vegsamband til Straume i Bruvik, med båt til Dalseid, og vidare med tog til Evanger. Mellom Evangerbygda og Voss vart det bilveg. Nedanfor fylgjer kgl.res. av 2. mars 1962: I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett: 1) Kommunane Voss, Vossestrand og Evanger ( med unntak som nemnt under pkt. 2) i Hordaland fylke vert slegne saman til ein heradskommune. 2) Eksingedalen sokn av Modalen kommune og Evanger kommunesine områder i Eksingedalen (eigedomane under gnr. 31-38) og i Bergsdalen (eigedomane under gnr. 69-79) ) vert overført til Bruvik kommune i same fylke. 3) Tidspunktet for gjennomføring av desse inndelingsendringane vert fastsett seinare. Kgl.res. av 19. april 1963 om at den ved kgl.res. av 2. mars 1962 vedtekne samanslåinga av Evanger, unnateke kommunen sin område i Eksingedalen og Bergsdalen, Voss og Vossestrand kommunar i Hordaland fylke til ein heradskommne vert gjennomførd frå 1. janaur 1964. Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Voss.