Alversund kommune låg i Nordhordland. Størsteparten låg på fastlandet på Lindåshalvøya, og ein mindre del på Radøy. Før kommunesamanslåinga i 1964 grensa Alversund kommune i nord og aust til Lindås kommune, i sør til Meland kommune og vest til Sæbø kommune på Radøy. Kommuneinndelinga: Ut frå formannskapslovene av 1837 var hovudregelen at eit prestegjeld skulle utgjera eit formannskapsdistrikt. Då Alversund prestegjeld ved kgl.res. av 22.11.1884 vart oppretta, vart det i same resolusjonen gjort vedtak om at prestegjeldet vart eigen heradskommune. Dette var i samsvar med formannskapslova av 1837 § 1: " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Ved kgl.res. av 01.05.1923 vart Meland sokn delt i frå og vart eigen heradskommune:"Kgl.res.av 01.05.1923, hvorved Alversund herred fra den tid, som av fylkesmannen i Hordaland bestemmes, deles i to herreder, Alversund herred, svarende til de nuværende sogn, Alversund og Seim, og Mæland herred, svarende til det nuværende Mæland sogn." Ved kgl.res. av 07.19.1962 gjeldande frå 01.01.1964 vart Alversund kommune samanføydd med Lindås kommune: "Kgl.res. av 07.09.1962 om at det skal gjerast fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke: (......) Alversund kommune, Lindås kommune (med unntak av Sletta krins og gardane Einestrand, Eikebotn og Kikallen), Hamre og Hosanger kommunar sine område nord for Osterfjorden, Titland krins av Sæbø kommune og eigedomane under gnr, 70 - Nipo, gnr. 71 - Dyrkolbotn og gnr. 72 - Eitrdalen av Modalen kommune skal skipa ein heradskommune." Kgl.res. av 21.06.1963 fastsette at ovanståande resolusjonskulle gjerst gjeldande frå 01.01.1964. Ved kgl.res. av 09.08.1963 vart det gjort fylgjande vedtak: "I medhald av mellombels lov av 21.juni 1956 om revisjon av komuneinndelinga vart fastsett: Den nye heradskommunen på Lindåshalvøya, skipa av kommunane Lindås (unnateke Sletta krins og gardane Einestrand, Eikebotn og Kikallen) og Alversund og delar av Hamre, Hosanger, Modalen og Sæbø kommunar, får namnet L i n d å s."